Suezbukta er ei om lag 300 km lang bukt som leier mot nord-nordvest i den nordlege delen av Raudehavet. Suezbukta leier inn til Suezkanalen og byen Suez i Egypt.
Bukta vart truleg forma av at dei afrikanske og indiske kontinentalplatene flytter seg vekk frå kvarandre. Slik har Suezbukta samanheng med Riftdalen som går gjennom Afrika. I Suezbukta ligg det meir enn 120 olje- og gassfelt, m.a. Gemsafeltet.
Kjelde
kategori:Egyptisk geografi kategori:Raudehavet kategori:Bukter kategori:Innhav