mini|Zhangjiajie (gul) i Hunan mini|Tian Menshan-fjellet med det 131 meter høge Tianmen-holet ligg i Zhangjiajie Zhangjiajie (kinesisk: 张家界; pinyin: Zhāngjiājiè) er eit byprefektur nordvest i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet, som grensar mot provinsen Hubei, har eit areal på 9 516 km² og eit berekna folketal på 1,6 millionar.

Det verna fjellområdet Wulingyuan ligg i byprefekturet. Også Fengtan-demninga, med ein 113 meter høg bogedam i You-elva, ligg i Zhangjiajie.

Byprefekturet Zhangjiajie omfattar to distrikt (区 qū) og to fylke (县 xiàn).

Næring Turisme er viktigaste næringa i Zhangjiajie.

Samferdsle Zhangjiajie har ei stor lufthamn.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zhangjiajie» frå , den 6. mai 2012.

Denne artikkelen bygger på «Zhangjiajie» frå , den 6. mai 2012.

Kategori:Byprefektur i Hunan