Arve Moen Bergset () er ein norsk kvedar, fiolinist og hardingfelespelar. Han er kjend som eitt av medlemmene i gruppa Bukkene Bruse og er fyrstefiolinist for Oslo-filharmonien.

Biografi

Arve Moen Bergset flytte som femåring frå Sandnessjøen til Vinje i Telemark. 8 år gamal tok han til å gå i kvedarlære hjå Sondre Bratland, og lærte av Bratland i åtte år. Dessutan har han fått tradisjonsstoff av Ellen Bojer Nordstoga, Agnes Buen Garnås, Aslak Høgetveit og Talleiv Røysland. I 1986 gav han ut sin fyrste solokassett, Litle fuglen. Under utdelinga av Spellemannprisen 1986 kveda han for fyrste gong på fjernsyn, 15 år gamal. Året etter vann han sjølv Spellemannprisen 1987 i klassa for Folkemusikk med plata Arvesølv.

I 1988 danna han den nyskapande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse saman med Annbjørg Lien og fløytisten Steinar Ofsdal. Etter 1997 har keyboardisten Bjørn Ole Rasch også vore med i gruppa. Dei har no halde på i over eit tiår, gjeve ut 5 plater og vunne fleire prisar. Eitt av høgdepunkta frå karrieren deira var då dei vart utvalde til å vera offisielle OL-musikarar til Vinter-OL 1994 på Lillehammer.

Arve Moen Bergset utvikla seg også på strykarinstrument, og vann fleire prisar for unge fiolinistar i byrjinga av 1990-åra. Han tok utdanning ved Norges Musikkhøgskole, og avla embetseksamen i kammermusikk/solo der i 1995. I 1996 gav han ut eit nytt soloalbum, Religiøse folketonar. Dette vart spelt inn i Oslo domkyrkje saman med Geir Inge Lotsberg på fiolin og Kåre Nordstoga på orgel.

Arve Moen Bergset har vore tilsett i Oslo-filharmonien sidan 2003. Han sit også i det kunstnariske rådet for Vinterfestspela i Bergstaden Røros.Store Norske Leksikon om Arve Moen Bergset

Diskografi

Soloplater

Litle fuglen (1986) (kassett) Arvesølv (Kirkelig Kulturverksted, 1987) Religiøse folketonar (Grappa musikkforlag, 1996)

Som solist

Johan Kvandal: Fantasia for hardingfele og orkester (1999 - solist på hardingfele)) med Kristiansand kammerorkester og dirigent Jan Stigmer Stephen Frost: Bassoon Concerto; Oboe Concerto; The Lesson (2000 - solist som klassisk songar på the Lesson) med Bornemouth Symphony Orchestra og dirigent Tony Harrison Geirr Tveitt: To konsertar for hardingfele og orkester (2002 - solist på hardingfele) med Stavanger Symfoniorkester og dirigent Ole Kristian Ruud Johan Halvorsens Fossegrimen, Greetings to Roosevelt (Simax, Classic 2002 - solist på hardingfele) med Latvias nasjonale symfoniorkester

(For diskografi med Bukkene Bruse, sjå Bukkene Bruse.)

Prisar og utmerkingar

Spellemannprisen 1987 for Arvesølv i klassen Folkemusikk/ gammaldans I 1990 vart han kåra til «Ungdommens strykarmeister» I 1991 kom han på andreplass i solisttevlinga til Ungdomssymfonikerne I 2006 vann han De unges Lindemanpris.

Kjelder

Ad Libitum om Arve Moen Bergset Nrk.no: Arve Moen Bergset - Ukas P2-artist Bokmålswikipedia om Religiøse folketonar av Bergset, henta inn 8. mai 2012.

Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Norske kvedarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske fiolinistar Kategori:Norske felespelarar Kategori:Folk frå Alstahaug Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen