Oliventrefamilien (Oleaceae) eller oljetrefamilien er ein plantefamilie med 24 slekter fordelt på 5 tribusar som inneheld om lag 600 artar. Desse er buskar eller tre som er kjenneteikna ved at dei inneheld myricetin og mannitol.

Mange av artane er økonomisk viktige. Oliventreet (Olea europaea) er viktig på grunn av frukta oliven og av olivenolja som blir utvunnen frå frukta. Dei ulike artane av aske-tree (Fraxinus) er verdsett på grunn av den harde veden. Gullbusk-, syrin-, jasmin-, liguster-, Chionanthus- og Osmanthus-slektene er viktige som prydplantar i hagar og til landskapsutforming.

mini|Jasminum multiflorum Slekter Om ikkje anna er nemnt, er slekter med norsk namn registrerte i Noreg. Tribus Fontanesieae Fontanesia Labill. Tribus Forsythieae Abeliophyllum Nakai Forsythia Vahl - gullbuskslekta Tribus Jasmineae Jasminum L. – jasminslekta, ikkje i Noreg Menodora Humb. & Bonpl. Tribus Myxopyreae Dimetra Kerr Myxopyrum Blume Nyctanthes L. Tribus Oleeae Subtribus Ligustrinae Ligustrum L. – ligusterslekta Syringa L. – syrinslekta Subtribus Schreberinae Comoranthus Knobl. Schrebera Roxb. Subtribus Fraxininae Fraxinus L. – askeslekta Subtribus Oleinae Chionanthus L. Forestiera Poir. Haenianthus Griseb. Hesperelaea A.Gray Nestegis Raf. Noronhia Stadtm. ex Thouars Notelaea Vent. Olea L. – , ikkje i Noreg Osmanthus Lour. Phillyrea L. Picconia DC. Priogymnanthus P.S.Green

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oleaceae» frå , den 13. mai 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plantefamiliar Kategori:Leppeblomordenen