Fregetta er ei biologisk slekt i oseansvalefamilien. Desse små stormfuglane lever sirkumpolart på den sørlege halvkula. Dette er to nokså like artar, ca. 20 centimeter lange, mørk overside og hovud, kvit overgump, underside og underside av vengene. Svartbukstormsvala skil seg frå systerartane ved at beina ikkje stikk ut bak halen i flukt og ved ei svart stripe langs buken.Barrie Heather and Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
Ein art i slekta, maoristormsvale, har tidlegare vore rekna som utrydda og har truleg berre ein svært liten populasjon. Ho var tradisjonelt klassifisert i slekta Oceanites, men i Clementslista blei ho sett inn i Fregetta frå 2012.
Artar Fregetta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Kvitbukstormsvale, Fregetta grallaria Maoristormsvale, Fregetta maorianus Svartbukstormsvale, Fregetta tropica
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Fregetta» frå , den 19. mai 2012. Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Oseansvalefamilien Kategori:Fugleslekter