Daniel Jacob Radcliffe () er ein britisk skodespelar, mest kjend for å spele Harry Potter i filmatiseringa av Harry Potter-serien.

Daniel Radcliffe er einebarn og oppvaksen vest i London. Allereie før han fylte ti, hadde han debutert som filmskodespelar i rolla som den unge David Copperfield i filmatiseringa frå 1999. Året etter vart han spurt av filmprodusenten David Heyman om han ville spele Harry Potter i Filmen Harry Potter og De vises stein. Radcliffe svara ja, og enda opp med å spele hovudrolla i alle åtte filmane om Harry Potter frå 2001 til 2011 saman med Rupert Grint som Ronny Wiltersen og Emma Watson som Hermine Grang. Det året den siste av filmane kom ut, fylte Radcliffe 22 år.

Radcliffe har også spelt i eit par andre spelefilmar utanom Harry Potter-serien.

Filmografi 1999: David Copperfield 2001: Skredderen i Panama 2001: Harry Potter og de vises stein 2002: Harry Potter og Mysteriekammeret 2004: Harry Potter og fangen fra Azkaban 2005: Harry Potter og ildbegeret 2007: Harry Potter og Føniksordenen 2007: December Boys 2009: Harry Potter og Halvblodsprinsen 2010: Harry Potter og Dødstalismanene del 1 2011: Harry Potter og Dødstalismanene del 2 2012: Woman in black 2013: Kill Your Darlings 2013: The F Word 2013: Horns

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Daniel Radcliffe» frå , den 20. mai 2012. Filmografien er henta frå Imdb.com om Radcliffe

Kategori:Engelske skodespelarar kategori:Folk frå London Kategori:Skodespelarar i Harry Potter