Halvor Olsen Folkestad () var ein norsk biskop og politikar. Han var den fyrste biskopen i Hamar bispedømme i nyare tid, frå 8. juni 1864 til 30. juni 1887.
Liv og gjerning Folkestad var son til ein gardbrukar i Bø i Telemark. I unge år var han omgangsskulelærar i heimbygda. Sidan studerte han ved universitetet i Christiania og vart cand. theol. i 1836 med beste karakter. Frå 1841 var han sokneprest i Mo i Telemark. Sidan hadde han same stillinga i Kviteseid 1849-59, der han også styrte lærarskulen i bygda. Etter fem år, 1859-64, som sokneprest i Halden vart han biskop i Hamar, eit embete han hadde til få månader før han døydde. I 1875 tok han del i interimsregjeringa.
Folkestad var med i kommisjonen som førebudde skulelova av 1860. Tida 1859-70 tok han del i den store kyrkjekommisjonen. Han arbeidde også for ein type folkehøgskule i N.F.S. Grundtvig si ånd, men fjerna seg med åra bort frå grundtvigianarane. Folkestad var ein framifrå forkynnar og fekk i 1873 tittel som «overhoffpredikant».
Kjelder Norsk Allkunnebok, IV.bandet, 1952-53
Kategori:Biskopar i den norske kyrkja Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Bø i Telemark