Something Magic er det niande studioalbumet til Procol Harum og kom ut i 1977.
Procol Harum valde å arbeide med produsentane Ron og Howie Albert då Leiber og Stoller (som hadde produsert det førre albumet deira) ikkje var tilgjengeleg. Dei reiste til Miami med meir enn nok songar for albumet. Etter at Albert-brørne hadde forkasta meir enn fem spor og dei berre hadde fire songar att å fylle albumet med, tilbaud vokalist, pianist og låtskrivar Gary Brooker den episke «The Wormm and The Tree», eit stykke av tekstforfattar Keith Reid som Brooker hadde leika seg med i fleire år. Med stort press om å gjere musikken og orkesterarrangementa til den 19 minuttar lange episke songen fekk Brooker hjelp av arrangøren Mike Lewis for å gjere ferdig orkesterarrangementa for tittelsporet «Something Magic» og bandmedlem Chris Copping for å gjere blåsearrangementet på «Skating on Thin Ice».Roland Clare, booklet notes for "Something Magic" reissue, 2009
Etter albumet kom ut forlet Copper bandet og vart erstatta av Dee Murray, bassisten til Elton John for den nordamerikanske turneen etter albumet.Roland Clare, booklet notes for "Something Magic reissue, 2009
Singelen «Wizard Man» kom ut før sjølve albumet, men selde dårleg. Albumet nådde berre 146. plass i USA og vart det siste albumet bandet gav ut før gjenforeininga til Procol Harum i 1991, då Gary Brooker slo seg saman at med tekstforfattar Keith Reid, Robin Trower og Matthew Fisher (trommeslagar B.J. Wilson var då alt død).
Innhald
Medverkande
Peter Solley - orgel og synthesiser Chris Copping - bassgitar B.J. Wilson - Trommer Mick Grabham - gitar Gary Brooker - piano og vokal Keith Reid - tekstar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Something Magic» frå , den 27. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff ProcolHarum.com - ProcolHarum.com om albumet
Kategori:Procol Harum-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Repertoire Records-album