The House of Blue Light er det tolvte studioalbumet av det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 16. januar 1987 på Polydor Records. Det var den andre innspelinga med den reformerte Mark II-besetninga og det sjette studioalbumet totalt for denne formasjonen av bandet.
Innspeling Albumet vart til gjennom ein svært lang og vanskeleg prosess, som songar Ian Gillan samanlikna med innspelinga av Who Do We Think We Are i Roma. Gillan har notert at anstrengde relasjonar internt i bandet gjekk ut over albumet: «Eg ser tilbake på House Of Blue Light, det er nokre gode låtar på den plata, men det er noko som manglar i albumet samla sett. Eg kan ikkje kjenna ånda i dette bandet. Eg kan sjå eller høyra fem profesjonelle som gjer sitt beste, men det er som eit fotballag, det fungerer ikkje. Det er som 11 superstjerner som speler på same bane, men som ikkje er knytt saman med hjartet eller ånda.» Gitaristen Ritchie Blackmore har sagt at mykje av det vart spelt inn på nytt, og innrømte: «Eg trur eg spelte elendig på plata, og eg trur ikkje nokon andre var så begeistra for ho.» Organisten Jon Lord la til: «House of Blue Light var eit merkeleg album og vanskeleg å setja saman. Me gjorde den store feilen å prøva å gjera musikken vår aktuell. Me oppdaga at folk ikkje ville at me skulle gjera det.»
Trass i uroa til bandet selde House of Blue Light godt. Det nådde tiandeplassen på den britiske hitlista, 34. plassen på Billboard 200 i USA og topp 10 i seks andre land.
Marknadsføring Det vart produsert to musikkvideoar til låtane «Bad Attitude» og «Call of the Wild», begge med medlemmer av bandet.
Innhald Merk: Fleire spor på LP- og kassettversjonane er kortare enn på den originale CD-en som vart gitt ut i 1987. CD-remasteren frå 1999 brukte dei originale vinylmasterbanda, noko som betyr at speletida òg er kortare enn på den originale CD-versjonen.
All spor er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan og Roger Glover, utanom der andre er nemnde.
CD-utgåva frå 1987
Vinyl-, kassett- og CD-utgåva frå 1999
Medverkande Deep Purple Ian Gillan – vokal, munnspel Ritchie Blackmore – gitar Roger Glover – bass Jon Lord – klaverinstrument Ian Paice – trommer, perkusjon
Produksjon Produsert av Roger Glover og Deep Purple. Innspelt i Playhouse, Stowe, Vermont, med Le Mobile styrt av Guy Charbonneau. Produsert av Nick Blagona Miksing av Harry Schnitzler i Union Studios i München i Vest-Tyskland Mastering av Greg Calbi hos Sterling Sound i New York
Salslister
Vekeslister Liste (1987) Plassering Kanadiske album (RPM) 51 Finske album (The Official Finnish Charts) 1Italienske album (Musica e Dischi) Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple». 15 Den japanske albumlista (Oricon) 9
Årslister Liste (1987) Plassering Tyske album (Offizielle Top 100) 49
Singlar ÅrSingelListePlassering1987«Call of the Wild»Billboard Mainstream Rock Tracks (USA)14UK Singles Chart92«Bad Attitude»Billboard Mainstream Rock Tracks (USA)14
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The House of Blue Light» frå , den 14. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Deep Purple-album Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Album produserte av Roger Glover Kategori:Polydor Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Finland