mini|Raudvier S. purpurea mini|Vier

Vierslekta (Salix) er ei planteslekt i vierfamilien og veks som tre, buskar, ris eller urteaktige dvergbuskar. Tre og store buskar med smale blad vert gjerne kalla pil eller piletre, tre og store buskar med breie blad vert kalla selje, og låge buskar og dvergbuskar vert kalla vier. Variantar av piletre vert ofte nytta som park- og hagetre, og kan òg finnast viltveksande somme stader i Noreg.

Slekta har kring 400 artar. Vieren har gråaktig bork som er glatt eller fura, og veden har ofte åsar under borken. Vinterknoppane er dekte med eit skal og blada er spreidde, enkle og rundtakka eller fint sagtakka. Vieren er særbu med blomstrane samla i akslike heng.

Utbreiing Vieren veks i hovudsak i tempererte område på den nordlege halvkula. Det finst om lag 30 artar i Noreg og 24 artar i Sverige, og dei fleste finst i nord. Dei mest kjende artane i Noreg og Sverige er selje (S. caprea), gråvier (S. cinerea) og skjørpil (S. fragilis). Vieren er vanskeleg å artsbestemme når ein har hybridar. Fleire dyrka arter har blitt naturaliserte, til dømes kvitpil (S. alba), raudvier (S. purpurea) og korgvier (S. viminalis).

I fjellområde finst vierregionen, dei siste treområda før snaufjellet, som er særleg prega av viervekstar.

Dyrking Piltypar som som raudpil og korgpil kan dyrkast for produksjon av kvister til korgbinding og liknande. Dette kan føregå vad at ein tek kvister på rundt 25 cm som stiklingar og set dei i rader tidleg om våren.

Lokalt har planting av pilevallar vore vanleg, først og fremst i Skåne, der trea utgjer eit kjenneteikn for landskapet. I Skåne finst bandpil, Salix amygdalina og bandvier, Salix lanceolata.

Hybridar Det er vanleg med hybridisering mellom ulike artar i slekta. Desse er ofte fertile og kan gjere det vanskeleg å bestemme arten. Somme tider finn ein hybridar med både tre og fire artar innblanda. Ungskott og sterile eksemplar kan mange gonger vere umoglege å identifisere med visse.

Artar i Norden

Vitskapleg namnNorskSvenskDanskSalix aegyptiacaFløyelsseljeSalix albaKvitpilVitpilHvid-PilSalix alba vitellinaGullpil Salix arbusculaSmåvierRisvideBusk-PilSalix arcticaTundravierArktisk PilSalix ×arctogenaTrippelvier Salix auritaØyrevier/ørevierBindvideØret PilSalix babylonicaBabylonpilSalix bebbianaFinnmarksvier Salix bicolorGullvierSalix ×calodendronFagervier/DunvierSalix capreaSeljeSälgSelje-pilSalix caprea ssp. sericeaSilkeseljeSalix cinereaGråseljeGråvideGrå-PilSalix daphnoidesDoggpil/påskepilDaggvideDug-Pil/Pommersk PilSalix daphnoides ssp. acutifoliaPlommepil Salix dasycladosFløyelsvierSalix ehrhartianaElvepilSalix elaeagnosDunpilFlod-PilSalix fragilisSkjørpilKnäckepilSkør-PilSalix glaucaSølvvier/myrvierRipvideBlågrå PilSalix glauca ssp. stipuliferaRussevierSalix hastataBleikvierBlekvideSpyd-PilSalix herbaceaMusøyre/musøreDvärgvideDværg-PilSalix lanataUllvierUllvideUld-pilSalix lanata ssp. glanduliferaKjertelvierSalix lapponumLappvierLappvideLaplands-PilSalix matsudanaKoreansk pilSalix xmeyerianaBlankpilSalix xmollissimaFlettepilSalix myrsinifoliaSvartvierSvartvideSalix myrsinifolia ssp. borealisSetervierSæter-PilSalix myrsinifolia ssp. kolaënsisKolavierSalix myrsinitesMyrtevierGlansvideBlåbær-PilSalix myrtilloidesBlokkevierOdonvideMyrte-PilSalix nummulariaSibirvierSalix xpendulinaFontenepilSalix pentandraIstervierJolsterFemhannet PilSalix phylicifoliaGrønvier/grønnvierGrönvideTofarvet Pil Salix polarisPolarvierPolarvidePolar-PilSalix purpureaRaudpil/rødpilRödvidePurpur-PilSalix repensKrypvier/HeivierKrypvideKrybende PilSalix repens var. nitidaSandvierSalix repens subsp. rosmarinifoliaRosmarin-PilSalix reticulataRukkevier/rynkevierNätvideNet-PilSalix xrubensGrønnpilSalix ×rubraSilkerødpilSalix salvifoliaVitvideSalix xsepulcralisSørgepilSalix xsmithianaNamdalspilSalix starkeanaBlåvierÄngsvideEllebladet PilSalix starkeana ssp. cinerascensFinnmarksvierSalix stipularisSpissøyrevier/spissørevierSalix triandraMandelpilMandelpilMandel-PilSalix uva-ursiMelbær-PilSalix viminalisKorgpil/kurvpilKorgvideBånd-Pil

Kjelder

Bakgrunnsstoff «Viden» i Den virtuella floran

Kategori:Vierfamilien