Fridtjof Eriksen (, død 25. februar 2022) var ein norsk pensjonert lærar, foreiningsmann, politikar og forfattar.

Fridtjof Eriksen var aktiv i foreiningsliv og politikk, skole, lokal misjonsforeining og Lenvik sokneråd. Han var også krinsformann i Indremisjonen og Normisjon. Han var aktiv i Kristeleg Folkeparti der han i mange år var ulønna fylkessekretær.”Fridtjof Eriksen 80 år”: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/organisasjon/fylkes-og-lokallag/nyheter/artikkel?p_document_id=39290&org=15051

Han hadde utdanning frå Tromsø lærarskole (1951-1955) og eit kurs på Heimly folkehøgskole – Forfattarskolen.

Fridtjof Eriksen mottok i 1981 kulturprisen i Lenvik for kulturarbeidet sitt, blant anna som dirigent for kor og skolekorps.

Fridtjof Eriksen var også aktiv forkjempar for nynorsk.”Ka er galt med nynorsken?”, Troms folkeblad, Finnsnes, onsdag 1. februar 2012, også på http://twitpic.com/8e9p1m

Utgjevingar Drøm og dragning – dikt, (eige forlag). 100 sider. 1. utgåve 2001, 2. utgåve 2006 Under Nordlys og midnattsol: liv og diktning – sjølvbiografi, (eige forlag). Nynorsk. 129 sider. 2007 På sporet av en vei – roman, (eige forlag). 108 sider. 2008. Folk og liv – småstubbar og dikt, (eige forlag). Nynorsk. 96 sider. 2011

Kjelder

Fridtjof Eriksen ved Litteraturnett Nord-Norge Forlaget Kristiansen: «På sporet av en vei». Bok- og forfatterpresentasjon

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Lenvik Kategori:Folk frå Senja Kategori: Nynorskforfattarar Kategori: Forfattarar frå Troms Kategori: Nordnorske målfolk Kategori: Nynorsk i Nord-Noreg