Hornborgasjön er ein innsjø i Västergötland i Sverige, ca. 15 km søraust for Skara. Frå å ha dekt eit areal på 28 km² vart han gjennom fem ulike senkingar i perioden 1933–35 til mindre enn 4 km². Føremålet var å skaffe dyrkbar mark, men på grunn av dei kraftige vårflaumane vart ikkje åkerlandet brukbart. Ein byrja ei restaurering av innsjøen i 1992, og ved ferdigstillinga i 1995 var vassflata heva nesten 1 meter, etter at ein hadde bygt ein dam ved utløpet og fylt att gamle kanalar.

Om våren pleier tranene å raste ved Hornborgasjön før de flyr vidare til hekkeplassane. Iblant kan det vere over 10 000 traner der samstundes, noko som gjer staden populært for fuglekikkarar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hornborgasjön» frå , den 13. juni 2012.

Bakgrunnsstoff Hornborgasjön si heimeside

Kategori:Innsjøar i Västergötland Kategori:Ramsarstader i Sverige