Monte Darwin er eit av dei høgste fjella i Eldlandet. Den nær 2 500 meter høge fjelltoppen ligg i den chilenske delen av Storøya i Eldlandet. Monte Darwin ligg i fjellkjeda Cordillera Darwin på nordsida av Beagle-kanalen. Fjellet er dekt av isbrear, særleg sørsida har store brear. Berggrunnen er kristallinsk glimmerskifer.
Sommaren 1962 kleiv briten Eric Shipton til topps saman med tre chilenarar; Eduardo Garcia, Federico Vivanco og Cedomir Marangunic. Beste tida for ein topptur er sommarstida frå midten av desember til ut mars.
Fjellet fekk namnet sitt under den andre ekspedisjonen med HMS Beagle. Kaptein Robert FitzRoy gav det namnet Mount Darwin, i høve ekspedisjonsmedlemen Charles Darwin sin 25-årsdag, 12. februar 1834.
Mount Darwin ligg i Alberto de Agostini nasjonalpark.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Monte Darwin» frå , den 14. juni 2012.
Kategori:Fjell i Chile Kategori:Eldlandet Kategori:Oppkallingar etter Charles Darwin Kategori:Stader kalla opp etter britar