Gömmaren er ein innsjø i Huddinge kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Utløpa til innsjøen går vigd Fullerstaån til Trehörningen.
Innsjøen har rikeleg med fisk, og blant artane som finst her, er åbor, gjedde, mort og sørv. Regnbogaure, amerikansk bekkerøye og aure har vorte sett ut i innsjøen. For fiske i Gömmaren må ein ha eit eige fiskekort.
Det er òg sett ut signalkreps i innsjøen, etter at han opphavlege krepsebestanden vart ramma av krepsepest. Gömmaren inngår i Gömmarens naturreservat med 20 hektar av innsjøen har eit overflateareal på. Naturreservatet, som er på ca 700 hektar, strekkjer seg frå Gömmaren til Masmo, Kungens kurva og Segeltorp.
Gömmaren er særs populær på sommaren, på grunn av høve for soling og bading. Vatnet i innsjøen er klårt, med god sikt. Regnvatnet er den einaste vasskjelda til Gömmaren, med unntak av ein liten bekk som munnar ut ved sørvestbreidda av innsjøen. Nedbøren sig sakte gjennom den næringsfattige grunnen rundt innsjøen.
Gömmaren er kjeldesjø for Fullerstaån, og utgjer ein av dei ytste utpostane Tyresån-vassdraget, som munnar ut i Kalvfjärden i Austersjøen ved Tyresö slott, ein strekning på ca. 23 km i luftavstand.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gömmaren» frå , den 16. juni 2012. oppgav desse kjeldene: Informasjonstavle på plassen (svensk) Enligt "Natur Huddinge"
Bakgrunnsstoff Gömmaren sjödjupskarta Gömmaren Huddinge naturguide
Kategori:Innsjøar i Södermanland