Stadnamnet Fosen eller Fosna blir bruka fleire stader i Noreg:
Øya Storfosna er ei øy i Ørland kommune. Fosna på Hitra er ein holme i Dolmsundet i Hitra kommune i Sør-Trøndelag fylke. Fosna er eit eldre namn på Kristiansund. Landskapet Fosen har sin historiske bakgrunn i Fosens fogderi og omfattar dei elleve ytre kystkommunane på båe sidene av Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag fylke. Fosenhalvøya er ei halvøy på nordsida av Trondheimsfjorden. Fosenregionen er ein interkommunal region som omfattar dei åtte kommunane i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylke som ligg heilt eller hovudsakleg på Fosenhalvøya. Fosen i Karmøy er ei øy i Karmøy kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. garden Fosen i Karmøy er ein gard på øya Fosen i Karmøy på Haugalandet i Rogaland fylke.
Kategori:Norske stadnamn