Åresjön er ein innsjø i Åredalen i Jämtlands län i Sverige med Indalsälven som hovudtilløp og utløp. Innsjøen er 6,4 km² og er i snitt 9,8 meter djup. Den største djupna er 19,2 m. E14 og jernbanen Mittbanan går langs nordsida av innsjøen gjennom Åre og somme mindre busetnader. Åre skisenter ligg på nordsida av innsjøen. Åreskutan og Renfjället er fjelltoppar på kvar side av dalen. Innsjøen er tilfryst frå seint i november til tidleg i mai, og vert då nytta til skeising.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Åresjön» frå , den 16. juni 2012.
Kategori:Innsjøar i Jämtland