thumb|Toppen av monumentet på slagfeltet Waterloo er ein by i provinsen Vallonsk Brabant i Belgia, 15 km sør for Brussel. Han har 30 000 innbyggjarar (2018) og dekkjer eit areal på 21,04 km², med ein folketettleik på 1 393 innbyggjarar per km². Ein fjerdedel av innbyggjarane er utlendingar; dei fleste arbeider for EU-institusjonar i Brussel. St. John's International School, ein av dei største og eldste internatskulane i Belgia, ligg her. Det europeiske hovudkvarteret for MasterCard ligg òg her. Waterloo er eit sentrum for den norske kolonien i Belgia, og har òg ei norsk sjømannskyrkje.

Waterloo er særleg kjend på grunn av det kjende slaget ved Waterloo, som fann stad her den 18. juni 1815, då Arthur Wellesley og Blücher sigra over den franske hæren til Napoleon.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Waterloo» frå , den 17. juni 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Belgia Kategori:Vallonsk Brabant