Viskan er den nordlegaste av dei fire stor elvane i Halland. Med ei lengd på 140 km renn Viskan frå sjøen Tolken vest om Ulricehamn og har tilsig frå delar av det sørsvenske høglandet. Elva renn gjennom Borås, og i Marks kommun tar ho mot Häggån, Surteån og eit par mindre elvar.

Viskan renn ut i Klosterfjorden, i Kattegat rett nord for Åskloster, omtrent 15 km frå sentrum av Varberg.

Vasskraft frå Viskan har gjennom åra gjeve energi til mange føretak og var grunnlaget for bløminga Viskadalen opplevde i tidlegare tider.

Jernbanen mellom Varberg og Borås som vart innvigd i november 1880, følgjer stort sett dalføret til elva.

Sjå òg Ätran Nissan Lagan

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Viskan» frå , den 19. juni 2012.

Kategori: Elvar i Sverige