Eskilstunaån er ei lita elv i Sverige med ei lengd på 32 km som renn gjennom byen Eskilstuna og Torshälla i Södermanlands län. Elva renn mellom innsjøane Hjälmaren til Mälaren. Elva vert òg lokalt kalla Torshällaån i den nedre delen frå Torshälla til Mälaren.
Eskilstuna og Torshälla kanal vart ferdig i 1860 og gjekk mellom Mälaren til industribyen Eskilstuna via Eskilstunaån med tre sluser som går rundt stryka i Eskilstuna og Torshälla. Etter at det vart bygd nokre låge bruer over elva i 1960-åra er ho i dag berre delvis farbar mellom Mälaren og Eskilstuna for låge fartøy.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eskilstunaån» frå , den 20. juni 2012.
Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Södermanlands län Kategori:Norrström-vassdraget