Chomo Lonzo (òg Chomo Lönzo, Chomolonzo, Chomolönzo, Jomolönzo, Lhamalangcho) er eit fjell i Tibet nær grensa til Nepal, ca. 5 km nordaust for Makalu i Himalaya. Namnet Chomo Lonzo tyder «Fuglegudinna».
Fjellet har tre markerte topp-punkt: det sørlegaste er med ei høgd på hovudtoppen. Skild frå denne av ei egg ligg midttoppen. Den nordvestlege toppen er om lag høg.
Trass i at 8000 meters-toppen Makalu ligg i nærleiken og ragar høgre enn Chomo Lonzo, er fjellet eit flott syn frå Kangshungdalen i Tibet. Den 3 000 meter høge nordaustsida er er ikkje klatra.
I 1954 var dei franske klatrarane Jean Couzy og Lionel Terray i området for å studere Makalu med tanke på eit toppforsøk. Medan dei var i området nytta dei høvet til å førsteklatre Chomo Lonzo. Dei stod på toppen 30. oktober 1954himalaya-info.org etter å ha gått over den rimeleg lette sørvestryggen Sakietang-La () som skil Chomo Lonzo frå Makalu. Året etter lukkast begge med å førsteklatre Makalu.
Referansar
Bakgrunnsstoff Bilde av Chomo Lonzos nordside Bilde frå vest med ruter innteikna
Kategori:Fjell i Tibet Kategori:Fjell i Himalaya