Talgje er ei øy i Stavanger kommune i Ryfylke. Øya har ei flatevidd på 4 kvadratkilometer. På øya ligg kyrkja Talgje kyrkje. Dei eldste delane av kyrkja er frå 1100-talet. Ei anna staving av øynamnet er Talgø. mini|venstre|Talgje ligg mellom Rennesøy og Fogn For å skilja øya frå Nord-Talgje, ei av Sjernarøyane, vert Talgje nokre gonger kalla Sør-Talgje.

Finnøytunellen på Fylkesveg 519 mellom Hanasand på Rennesøy og Ladstein på Finnøy har eit sidesteg til Talgje.

Referansar

Bakgrunnsstoff Anker Gaard på Talgje sin nettstad Nettverk for miljølære om Talgje, mellom anna med kart

Kategori:Øyar i Stavanger