Nordmaling kommune er ein svensk kommune som ligg i Västerbottens län i landskapet Ångermanland og landsdelen Norrland. Kommunen har grense mot kommunane Umeå, Vännäs og Bjurholm i Västerbottens län og Örnsköldsvik i Västernorrlands län. Administrasjonssenter i kommunen er Nordmaling.

mini|venstre|Nordmaling kyrkje

Geografi Kommunen har sprekkedalslandskap som mot kysten til Austersjøen går over i ei kystslette.Aretikkel om Nordmaling kommune i snl.no Det viktigaste vassdraget er Öreälven som munnar ut i havet ved Öre og Lögdeälven som munnar ut ved Rundvik.

E4 går gjennom kommunen. Nordmaling er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Botniabanan. Stambanan genom övre Norrland går gjennom dei indre delane av kommunen, men har ikkje lenger stoppestader for persontrafikk i kommunen. Örnsköldsvik lufthamn og Umeå lufthamn ligg i køyreavstand frå Nordmaling.

Tettstader Nordmaling kommune hadde tre tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar 1. Nordmaling 2 619 2. Rundvik 911 3. Lögdeå 414

Andre mindre stader i Nordmaling kommune

Aspeå Bjärten Brattfors Bredvik Djupsjönäs FällforsGräsmyr Håknäs Järnäs Järnäsklubb Kråken LångedMullsjö Norrfors Nyåker Olofsfors Sunnansjö Öre

Folketalsutvikling

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nordmaling kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kommunar i Västerbottens län