Överkalix kommune er ein svensk kommune som ligg i Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Kommunen grensar mot nabokommunane Pajala, Övertorneå, Haparanda, Kalix, Luleå, Boden og Gällivare. Administrasjonssenter i kommunen er Överkalix (Bränna).

Geografi Kalixälven renn gjennom kommunen. Naturen er prega av at kommunen ligg i det nordlege barskogbeltet, og skogbruk og sagbruk har tradisjonelt vore viktige næringar.Artikkel om Överkalix kommune i snl.no E10 går gjennom kommunen og avstanden til næraste større by, Luleå er ca 10 mil.

Tettstader Överkalix kommune hadde fire tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

# Tettstad Innbyggjarar1.Överkalix9462.Tallvik4443.Svartbyn2814.Vännäsberget207

Folketalsutvikling

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Överkalix kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Heimeside

Kategori:Kommunar i Norrbottens län