mini|Duved Duved er ein tettstad i Åre kommun i Jämtlands län i landskapet Jämtland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 637 innbyggjarar.

Duved er eit vintersportsområde og inngår i Åres skisystem.

Det går skibusser til Åre sentrum fleire gonger dagleg i skisesongen. Om kvelden går det òg busser til Åre, mellom anna i samband med kveldsskikjøring. Ein kjend person frå Duved er Julia Messelt, som har leia TV-programma Myror i brallan og Packat & klart.

Duved har bl.a. ein skule og ei kyrkje. Dei to største områda med permanent bosetning heter Kvarnbacken og Kyrklägdan.

Skansen Duveds skanse blei bygd i 1658 og rive i 1808.

Skiområdet Duveds og Tegefjälls heissystem er samanfletta og utgjer ein del av Åres skiområde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Duved» frå , den 30. juni 2012.

Kategori:Åre kommun Kategori:Tettstader i Jämtlands län