Gerry Adams () er ein irsk politikar. Han var partileiar for det republikanske partiet Sinn Fein frå 1983 til 2018, og før det nestleiar frå 1978. Han var ikkje-møtande medlem av det britiske parlamentet for valkrinsen West Belfast og har vore representant i det regionale nordirske parlamentet. I 2011 blei han vald inn i det irske Underhuset for Louth.

Adams har vore aktiv i politisk arbeid sidan tidleg på 70-talet. Han var i perioden 1972-77 internert av britane. Han vart vald til det britiske parlamentet i 1983 og 1997, men nekta å ta sete fordi han ikkje ville sverja truskap til dronninga. Adams var sentral i samband med våpenkvilen til IRA i 1994, og i forhandlingane som førte fram til langfredagsavtalen i 1998.

Kjelder

snl.no

Bakgrunnsstoff Sinn Féin - Gerry Adams offisiell profil Guardian Politics Ask Aristotle - Gerry Adams TheyWorkForYou.com - Gerry Adams MP The Public Whip - Gerry Adams voting record "Irish minister says Adams is an IRA leader" by Angelique Chrisafis, The Guardian, 21. februar 2005

Kategori:Nordirske politikarar Kategori:Folk frå Belfast