1785 (romartal MDCCLXXXV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen.

mini|Samlekort til minne om den første ballongflyginga over Den engelske kanalen. Hendingar

Utlandet 1. januar: Første utgåve av Daily Universal Register, seinare kjend som The Times, kom ut i London. 7. januar: Den engelske kanalen blei kryssa for første gong i varmluftsballong av franskmannen Jean-Pierre Blanchard og amerikanaren John Jeffries. 20. januar: Invasjonsstyrker frå Siam blei overrumpla og overvunne av Tây Sơn-styrkar ved Mekong-elva i Vietnam. 10. mai: Ein varmluftsballong kræsja i Tullamore i Irland og starta ein brann som brann ned eit hundretals hus. Dette var den første luftfartsulukka. 15. august: Kardinal de Rohan blei arrestert i Paris og den såkalla halsbandprosessen blei offentleg. November: Tørke på Haiti.

Noreg 12. januar: Deichmanske bibliotek i Oslo opna.

Fødde mini|upright|Jacob Grimm vart fødd 4. januar

4. januar: Jacob Grimm, tysk språk- og litteraturforskar, kjend som eventyrsamlar 4. april: Bettina von Arnim, tysk forfattar 26. april: John J. Audubon, fransk-amerikansk målar 4. juli: Gustav Peter Blom, norsk embetsmann 1. august: Georg Bull, norsk høgsterettsleiar 25. august: Adam Wilhelm Moltke, dansk statsminister 15. oktober: José Miguel Carrera, chilensk general og nasjonsgrunnleggjar

Døde

3. januar: Baldassare Galuppi, italiensk komponist 8. mai: Pietro Longhi, veneziansk målar 18. november: Ludvig Filip I av Orléans, fransk prins og soldat 19. november: Bernard de Bury, fransk komponist 6. desember: Kitty Clive, britisk skodespelar 29. desember: Johan Herman Wessel, norsk diktar

nv:1751 – 1800