Kvanndal kraftverk er eit vasskraftverk ved Havrevassjuvet aust for Bleskestad i Suldal kommune i Rogaland. Kraftverket blei sett i drift i 1967, og nyttar eit fall på 328 meter frå reguleringsmagasin i Sandvatnet (950-925 moh.). Holmavatnet (1 058-1 048 moh.), som delvis ligg i Vinje kommune, og Isvatnet (1 301-1 291 moh.) er òg magasin. Frå kraftverket blir vatnet sendt i tunnel via Kvanndalsfoss til Suldal II kraftverk. Det er installert éi francisturbin på 40 MW.

Det har blitt gjort utgreiingar på moglege løysningar for bygging av pumpekraftverk i Kvanndal. Grunnen er at det litle magasinet i Kvanndalsfoss ofte får overløp i vårflaumen, sjølv om Kvanndal kraftverk stenger produksjonen og Suldal II går for fullt. Ved å pumpa vatnet opp i Sandvatnet, for så å nytta det på nytt i begge kraftverka, vil ein kunna auka kraftproduksjonen med 30 GWh ved normalflaum.

Kjelder EnergiLink | Kvanndal kraftverk Hans Simen Fougner: Utrede etablering av et pumpekraftverk i et eksisterende vannkraftsystem

Denne artikkelen bygger på «Kvanndal kraftverk» frå , den 4. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Dagbladet: Kraftens arkitektur Hydro: Vannkraftanleggene i Røldal og Suldal Statkraft NVE Miljøstatus Suldal Kommune

Kategori:Røldal-Suldal