Andreas Lunnan () var ein norsk journalist, musikar og programleiar frå Skogn i Nord-Trøndelag, tilsett i NRK.
Tidleg i karrieren jobba Lunnan som journalist i Trønder-Avisa. I 1975 var han med på å starta opp NRK sitt distriktskontor på Steinkjer, og han var distriktsredaktør i NRK Nord-Trøndelag i fleire år frå oppstarten i 1984.
Andreas Lunnan fekk hjarteinfarkt i 1979, og har sidan vore open om hjarteproblema sine. Dette resulterte m.a. i to bøker om temaet. Lunnan var også ein dyktig musikar, og sat i juryen i Melodi Grand Prix i 1971. Han har leidd NRK-program om musikk, t.d. Rundt et flygel og Kappspell, og han har sjølv reist rundt som visesongar. Han har gjeve ut to plater, i 2005 og 2007.
Han var tilsett i NRK i ei årrekkje, og avslutta karrieren sin i kanalen med programmet Gjensynet i 2005.
Programleiar
9-timen Da Capo Sølvsuper 5 på med Yngvil Kiran (1989-1992) Sommeråpent (1994) Har det på tunga (1995) Rundt et flygel (2001) Rundt neste sving (2003) Kappspell (2003) Gjensynet (2005)
Utgjevingar
Med hjerte i fatle (Bok, 1995) Hjertebanken (Bok, 2005) Det vart poesi tå slekt! (CD, 2005) Tekstar av Birger Jørstad. Ane neri senga – og andre godbiter (CD, 2007) Tekstar av Alv Schieflo.
Prisar og utmerkingar
1983: Kringkastingsprisen saman med Gustav Moberg for «ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet» 1995: NRK P1s heiderspris 1997: Paul Harris' pris 2008: Levanger kommunes kulturpris
Kjelder
Aftenposten, 21.02.12: Andreas Lunnan er død Profil på Filmfront.no
Lunnan, Andreas Lunnan, Andreas Lunnan, Andreas Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Norske visesongarar Kategori:Norske forfattarar