Fredrik Carl Mülertz Størmer () var ein norsk matematikar, geofysikar og nordlysforskar.

Biografi Størmer vart utdanna cand.real. i 1898 og vart universitetsstipendiat i 1899. Han studerte matematikk ikkje berre ved Det Kongelege Fredriks Universitet i Kristiania, men òg ved Sorbonne i Paris (rettleiarar var Charles Émile Picard, Henri Poincaré, Paul Painlevé og andre) frå 1899 til 1900 og i Göttingen i Tyskland frå 1902.

mini|venstre|Carl Størmer og assistenten Bernt Johannes Birkeland tar bilete av nordlyset i Alta

Han vart professor i matematikk ved Det Kongelege Fredriks Universitet frå 1903, ei stilling han hadde fram til 1946. Størmer arbeidde ein periode som assistenten til Kristian Birkeland, og nordlysforsking opptok det meste av den vitskaplege karrieren hans. Han utvikla i 1909 saman med Ole Krogness eit spesielt kamera for å fotografere nordlyset.

Han vart gift med Adelaide (Ada) Clauson i 1900. Dei hadde fem born. To av dei – Leif og Per – vart seinare professorar ved Universitetet i Oslo; høvesvis som paleontolog/geolog og matematikar.

Størmer var aktiv amatørfotograf som tok mange fotografi av menneske på Karl Johans gate i hovudstaden i 1890-åra. Mange av bileta er av særs stor historisk interesse. Han arrangerte eigne fotoutstillingar i byen. Han nytta skjult kamera under jakka.

Vitskapleg produksjon Dei fleste av dei matematiske arbeida hans handlar om talteori og funksjonsteori. Arbeidet sitt innan geofysikk delte han sjølv opp i følgjande hovudgrupper: Teoretisk arbeid om partikkeltrajektoriar: 52 bidrag, Nordlysobservasjonar: 70 avhandlingar, Solbelyst nordlys: 7 avhandlingar Nattlysande skyer og perlemorskyer: 12 avhandlingar, Meteorhalar, lange ekko, avhandlingar om sola: 9 avhandlingar.

Verk i utval Fra verdensrommets dybder til atomens indre, 1923 On the Trajectories of Electric Particles in the Field of a Magnetic Dipole with Application to the Theory of Cosmic Radiation, seks delar, 1934–37 The Polar Aurora, Oxford, 1955

Film Evald Otterstad (regi): Carl Størmer og hans detektivkamera, Norge, 2008, 20 minutt

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carl Størmer» frå , den 15. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Nordlysforskeren og matematikeren Carl Størmer

Kategori:Norske matematikarar Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske astronomar Kategori:Talteoretikarar Kategori:Folk frå Skien Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Astronomar på 1900-talet