Philadelphus lewisii (engelsk Lewis's mock-orange) er ein lauvfellande busk i skjærsminslekta i hortensiafamilien. Naturleg veks ho i den vestlege delen av Nord-Amerika, frå nordvestre California i Sierra Nevada, nord til særleg British Columbia i Canada, og aust til Idaho og Montana. Ho er utbreidd, men er likevel ikkje særleg vanleg og opptrer som einslege buskar mellom andre planter. Planta vart først samla av Meriwether Lewis i 1806.Francis, John K. (red). Wildland Shrubs of the United States and its Territories: Thamnic Descriptions. USDA Forest Service. GTR IITF-WB-1. Philadelphus lewisii Lewis mock orange Ho har ikkje noko offisielt norsk namn, sjølv om einskilde kultivarar er nytta som hageplante i Noreg.
Skildring mini|venstre|Philadelphus lewisii i blome. Blomstrane sit i klasar i enden av store stilkar og har fire 5-40 mm lange kronblad og mange gule støvberarar. Når busken er i full blome er han dekt av ei mengd kvite blomstrar. Blomstrane har ei sterk, søt lukt lik den frå appelsinblomstrar med eit snev av ananaslukt. Frukta er ein liten hard kapsel som er 1 cm lang med treaktige, spisse venger, og inneheld mange brune 2.5-3 mm lange frø.
Amerikanske urfolk nytte P. lewisii til ulike formål. Den harde veden vart nytta for å lake jakt- og fiskereidskap, truger, piper, og møblar. Blada og borken inneheld saponin, vart blanda med vatn for å bli brukt som ei mild såpe.
Kultivarar Philadelphus lewisii 'Waterton', opphavleg frå Waterton Lakes-området i Alberta i Canada.
Dyrking Busken veks best i heilt eller delvis sol. Den toler tørke og veks på dårleg grunn med lysande blomster og fruktduft.
Statsblome P. lewisii er delstatsblome for Idaho.
Referansar Casebeer, M. (2004). Discover California Shrubs. Sonora, California: Hooker Press. ISBN 0-9665463-1-8
Bakgrunnsstoff
Plants of British Columbia: Philadelphus lewisii Jepson Flora: Philadelphus lewisii USDA Plants Profile: Philadelphus lewisii Idaho Statutes: State Flower Ethnobotany of P. lewisii
Kategori:Hageplantar Kategori:Buskar Kategori:Skjærsminslekta Kategori:hortensiafamilien Kategori:Idaho