Dødslekene er filmatiseringa av den fyrste boka i Suzanne Collins sin trilogi Dødslekene.

Handling Panem er ein dystopisk stat som er delt opp i 12 distrikt og ein hovudstad, Capitol, som styrer landet. Som straff for eit opprør 74 år tidlegare må kvart distrikt sende ein gut og ei jente mellom 12 og 18 år for å delta i dei såkalla dødslekene. Der kjempar dei om livet til kun ein vinnar står att.

Katniss Everdeen bur i distrikt 12 saman med si mor og syster Primrose. Når Primrose vert valt ut som den kvinnelege deltakaren frå distrikt 12 melder Katniss seg frivillig til å delta i lekene. Ho reiser saman med Peeta Mellark, den mannlege deltakeren frå distrikt 12, Haymitch Abernathy, ein tidlegare vinnar frå distrikt 12 og noverande mentor for Katniss og Peeta, og Effie Trinket frå Capitol.

Katniss og Peeta kjenner kvarandre ikkje spesielt godt frå før, men før lekane begynner knyt dei tettare bånd og bruker ein romanse mellom seg til å spele på følelsane til publikum og forsøke å få gåver frå sponsorar.

I det lekane startar splittar dei opp. Peeta allierer seg med nokre deltakarar frå distrikt 1, 2 og 4, mens Katniss for det meste er åleine. Etter kvart allierer ho seg med Rue, ei lita jente frå distrikt 11 som minner ho om Primrose. Rue vert drepen av ein annan deltaker, Marvel, som Katniss så drep. Ho trøystar Rue med ei song og dekorer ho med blomster før ho døyr.

Dei som styrer spelet annonserer at to deltakare kan vinne dersom dei begge kjem frå same distrikt. Katniss startar å leite etter Peeta og finn han døyande ved ei elv. Ho fraktar han så til ei hole der dei dannar ein allianse. Det kjem ein annonse om at den tingen kvar deltakar treng aller mest er på ein spesifikk stad i arenaen og Katniss reiser dit med eit håp om å finne medisinar til Peeta. Mens ho er der vert ho overfallen av deltakaren Clove, som frydar seg over Rue sin død. Thresh, den mannlege deltakaren frå distrikt 11, overhøyrer dette og reddar Katniss sitt liv. Katniss får med seg medisinen og reddar Peeta sitt liv.

Når Katniss og Peeta er dei siste to som står igjen vert regelen om at to kan vinne plutseleg inndregen. Verken Katniss eller Peeta vil drepe den andre, og Katniss foreslår at dei et giftige bær samtidig og slik hindrar Capitol frå å kåre ein vinnar. Rett før dei et bæra vert dei begge erklært som vinnarar over høgtalar.

Etterpå åtvarar Haymitch Katniss om at ho har fått mektige fiendar.

Skodespelarar Jennifer Lawrence i rolla som Katniss Everdeen, hovudkarakteren. Josh Hutcherson i rolla som Peeta Mellark, som blir vald ut til å delta i Dødslekene saman med Katniss. Woody Harrelson i rolla som Haymitch Abernathy, tidlegare vinnar av Dødslekene og mentor for Katniss og Peeta. Elizabeth Banks i rolla som Effie Trinket, «lagleiar» for Distrikt 12 i Dødslekene. Donald Sutherland i rolla som President Snow, president i Capitol. Liam Hemsworth i rolla som Gale Hawthorne, bestevenen til Katniss. Stanley Tucci i rolla som Caesar Flickerman, populær programleiar og intervjuar for TV-overføringa av Dødslekene. Lenny Kravitz i rolla som Cinna, stylisten til Katniss. Wes Bentley i rolla som Seneca Crane, leiaren for Dødslekene. Toby Jones i rolla som Claudius Templesmith, kommentator for Dødslekene. Willow Shields i rolla som Primrose Everdeen, systera til Katniss. Paula Malcomson i rolla som Mrs. Everdeen, mora til Katniss. Alexander Ludwig i rolla som Cato, deltakar i Dødslekene. Isabelle Fuhrman i rolla som Clove, deltakar i Dødslekene. Amandla Stenberg i rolla som Rue, deltakar i Dødslekene. Jacqueline Emerson i rolla som Foxface, deltakar i Dødslekene. Dayo Okeniyi i rolla som Thresh, deltakar i Dødslekene. Leven Rambin i rolla som Glimmer, deltakar i Dødslekene. Jack Quaid i rolla som Marvel, deltakar i Dødslekene. Latarsha Rose i rolla som Portia, stylisten til Peeta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Hunger Games (film)» frå , den 1. desember 2025. Denne artikkelen bygger på «The Hunger Games (film)» frå , den 16. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad The Hunger Games på the Internet Movie Database The Hunger Games på AllRovi The Hunger Games på Box Office Mojo The Hunger Games på Rotten Tomatoes The Hunger Games på Metacritic The Hunger Games på The Numbers

Kategori:Dødslekene-serien Dødslekene Dødslekene