Årets Spellemann er eit vandretrofé som blir delt ut kvart år under Spellemannprisen. Prisen vart delt ut første gongen under Spellemannprisen 1983 i 1984 og gjekk då til The Monroes.
I motsetnad til dei fleste andre prisane under utdelinga, kor ein fagjury røystar fram ein vinnar ut frå påmelde artistar, er det Spellemannkomiteen som sjølv kårar vinnaren av Årets Spellemann på fritt grunnlag. Det blir i kåringa òg lagt vekt på artistopptreden og ikkje berre plateutgiving. Vinnaren får ein bronsestatuett utforma som ein grammofonspelar som ha kan ha fram til neste kåring av Årets spelemann som er normalt i et år. Det er normalt vinnaren frå fjoråret som deler ut prisen.
Prisen var den første av tilleggsklassa som vart innført i tillegg til dei eksisterande sjangerbestemte klassene. Seinare har òg årets nykommar, årets hit og årets musikkvideo blitt innførte som tilleggsklasser. Prisen blir delt ut på tvers av dei sjangerbestemte klassene og blir sett på som den gjævaste av prisane under Spellemannprisen.
Innføringa av prisen gjorde det òg mogleg å vinne to prisar det same året, noko The Monroes gjorde første gong prisen vart delt ut, og fleire har gjort det etter dei.
Vinnarar av Årets Spellemann 1983: The Monroes 1984: Åge Aleksandersen 1985: a-ha 1986: Sissel Kyrkjebø 1987: Jørn Hoel 1988: Det Norske Kammerorkester 1989: Øystein Sunde 1990: Gitarkameratene 1991: Dance With A Stranger 1992: DumDum Boys 1993: The September When 1994: Øystein Sunde 1995: Morten Harket 1996: D.D.E. 1997: Bjørn Eidsvåg 1998: Leif Ove Andsnes 1999: Ole Ivars 2000: Herborg Kråkevik 2001: Morten Abel 2002: Röyksopp 2003: Silje Nergaard 2004: Odd Nordstoga 2005: Madrugada 2006: Vamp 2007: Hellbillies 2008: Espen Lind 2009: Alexander Rybak 2010: Karpe Diem 2011: Jarle Bernhoft 2012: Kaizers Orchestra 2013: Ole Paus 2014: Morten Abel
Kategori:Spellemannprisen