Eivind Prestegård Henriksen () er ein norsk sleggjekastar frå Oslo. Han vann sølvmedaljen i øvinga under dei olympiske sommarleikane i 2021. Året etter sikra han seg bronsemedaljen i sleggjekastinga både ved verdsmeisterskapen og i europameisterskapen. Henriksen er medlem i IK Tjalve og norsk rekordhaldar i sleggjekasting med 81,58 meter. Tidlegare har han også kasta diskos.
Aktiv Henriksen har fleire medaljar i sleggje og diskos frå NM i friidrett 2007-2011. Han deltok i sleggjekast under EM i friidrett 2012 i Helsingfors og fekk også delta under Sommar-OL 2012 i London.Dagbladet, 12. juli 2012: Her er hele den norske OL-troppen I London-OL kasta han 74,62 meter og enda på ein 13. plass.
Under EM i friidrett 2018 i Berlin vart han nummer fem, og forbetra norgesrekorden til 76,86 meter. Seinare same året flytte han rekorden til 78,25 meter.abcnyheter.no (9. juni 2019): Overlegen norsk sleggerekord av Henriksen, hentet 4. august 2019
Henriksen kom på sjetteplass i VM i friidrett 2019 i Doha med eit lengste kast på 77,38 meter.
Han deltok i sleggje under Sommar-OL 2020 i Tokyo. Der tok han ein overraskande sølvmedalje. Han oppnådde 81,58 meter, og vart med det første norske sleggjekastar over 80 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Nr 22 – 69,98 m VM 2011 i Daegu: Nr 24 – 71,27 m EM 2012 i Helsinki: Nr 14 – 72,54 m OL 2012 i London: Nr 14 – 74,62 m EM 2014 i Zürich: Nr 17 – 72,31 m EM 2016 i Amsterdam: Nr 16 – 71,93 m EM 2018 i Berlin: Nr 5 – 76,86 m VM 2019 i Doha: Nr 6 – 77,38 m OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 81,58 VM 2022 i Eugene: Bronsemedalje – 80,87 m EM 2022 i München: Bronsemedalje – 79,45 m VM 2023 i Budapest: Nr 7 – 77,06 m EM 2024 i Roma: Nr 7 –76,51 m OL 2024 i Paris: Nr 4 – 79,19 m VM 2025 i Tokyo: Nr 9 – 76,47 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eivind Henriksen» frå , den 21. juli 2012.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Norske sleggekastarar Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024 Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo