Kamerun er ein stat i Sentral-Afrika, som har kyst mot Biafrabukta i Guineabukta og grensar til Nigeria i vest og nordvest, Tsjad i nord og aust, Den sentralafrikanske republikken i aust og Kongo-Brazzaville, Gabon og Ekvatorial-Guinea i sør.
Landet har kring 27 millionar innbyggjarar (est. 2021) som høyrer til rundt 200 ulike folkegrupper. Dei fleste talar bantuspråk.
Kamerun blei oppretta som sjølvstendig stat i 1961. Det var tysk koloni frå 1884 til 1919, og var deretter under delt fransk og britisk kontroll.
Namn
Namnet «Kamerun» stammar frå eit eksonym gjeve til Wourielva av portugisarar, som kalla henne Rio dos Camarões eller 'rekeelva'. Elva hadde då store mengder av rekearten Lepidophthalmus turneranus.Cameroon (adj.) nation in West Africa, its name is taken from the Anglicized form of the former name of the River Wouri, which was called by the Portuguese Rio dos Camarões "river of prawns" (16c.) for the abundance of these they found in its broad estuary. camarões is from Latin cammarus "a crawfish, prawn." Det portugisiske namnet på landet er framleis Camarões. Nemninga blei utvida til å omfatta fjellandskapet rundt elva, og i 1884 tok dei tyske kolonimaktene i bruk «Kamerun» som namn for heile protektoratet sitt her.
Geografi mini|venstre|Krater ved Kamerun-fjellet (Mont Cameroun). thumb|left|Vulkanske steinsøyler ved Rhumsiki i Extrême Nord Province. Kamerun ligg tett på ekvator, noko som gjev høge og jamne temperaturar. Ved kysten finst det regnskog. Nordaust i landet er det gold savanne, lenger sør i det sentrale Kamerun ligg det høgland med mange fjell. Den sørlege delen er hovudsakleg slettelandskap.
Frå det høgaste fjellet i landet, det vulkanske Kamerunfjellet (Mont Cameroun) på ( meter ved kysten, strekker det seg ei uregelmessig kjede av fjell, høgdedrag og platå nesten heilt til Tsjadsjøen i den nordlege enden av landet. Denne regionen har eit mildt klima, særleg på den vestlege høgsletta, sjølv om det fell mykje nedbør. Jordsmonnet her er blant det rikaste i Kamerun, særleg rundt det vulkanske Kamerun-fjellet. Vulkanske utbrot her har danna kratersjøar. 21. august 1986 førte eit utslepp av karbondioksid frå ein av desse sjøane, Nyossjøen, til at mellom og menneske omkom.
Cameroon har fire ulike dreneringsområde. I sør er hovudelvene Ntem, Nyong, Sanaga og Wouri. Desse renn sørvest- eller vestover ut i Guineabukta. Dja og Kadéï renn søraustover og ut i Kongoelva. I Nord-Kamerun renn Bénouéelva nord og vest til ho renn ut i Nigerelva. Logone renn nordover og ut i Tsjadsjøen, som Kamerun delar med tre naboland.
Klima Kamerun ligg i eit grenseområde mellom fleire afrikanske vêrregime. Det er få stader i verda som kan få så mykje nedbør som kystdeltaet i Kamerun, der sørvestleg vind vert pressa opp av fjella (orografisk heving) i Kamerun og nabolanda. Den årlege nedbørsnormalen i Douala er på 4027 mm, og det mest kjem då frå mars til november. Lenger aust regnar det litt mindre, og nedbøren her minkar eit par veker i juli mellom dei to passeringane av den intertropiske konvergenssona (ITCZ). Yaoundé har ein årleg nedbørsnormal på 1555 mm. Det meste av regnet kjem i korte, men intense, periodar, og vert avløyst av ein frisk austleg vind og klår himmel.
Den smale stripa i Nord-Kamerun strekkjer seg inn i Sahelområdet. Her har ein meir spreidd nedbør i tida juni til september, og elles på året tørt og svært varmt vêr. Nettene her er ganske behagelege i desember og januar, då temperaturen går ned mot 15 °C før han sprett opp att i rundt 32 °C om ettermiddagen. Frost har ein stort sett berre på fjelltoppane som strekkjer over 3000 m over havet.
Historie mini|Joseph Merrick (her vist ved ei isubugravferd i 1845) var ein jamaicansk baptistisk misjonær som skipa ei kyrkje blant isubufolk ved kysten. Området dagens Kamerun ligg i blei fyrst folkesett i yngre steinalder. Folkegrupper som har vore busette i området lengst er pygméfolk, som baka.DeLancey & DeLancey 2, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007. Saokulturen oppstod kring Tsjadsjøen rundt år 500. Han la grunnen for Kanemriket og etterfølgjaren Bornuriket. I vest oppstod det kongerike og høvdingdøme.
Portugisiske sjømenn nådde kysten i 1472. Dei merka seg dei store mengdene av reker og krepsdyr i elva Wouri, og kalla henne Rio dose Camarões, portugisisk for 'Rekeelva'. Dette gav seinare namnet Kamerun. Dei neste hundreåra dreiv europeiske interesser regelmessig handel med kystbefolkningane, og kristne misjonærar drog innover i landet. På byrjinga av 1800-talet leia Modibo Adama fulanisoldater i eit jihad i nord mot ikkje-muslimske og delvis muslimske folk, og grunnla Adamawa-emiratet. Bufastea folk flykta frå fulaniane, og det fann stad ei stor folkeomflytting.Fanso 84, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
Det tyske keisardømet gjorde krav på territoriet som kolonien Kamerun 1884, og starta ei stadig framrykking innover i landet i det som blei til kolonien Tyske Kamerun. Dei byrja prosjekt for å betra infrastrukturen i kolonien, med hjelp av ein hard bruk av tvangsarbeid.DeLancey & DeLancey 125, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007. Etter at Tyskland tapte fyrste verdskrigen blei Kamerun eit NF-mandatområde og blei delt i Fransk Kamerun, Cameroun (Austkamerun) og Britisk Kamerun, Cameroons (Vestkamerun) i 1919. Franskmennene integrerte forsiktig fransk kamerunsk økonomi med den til Frankrike, og forbetra infrastrukturen med kapitalinvesteringar, utdanna arbeidskraft og fortsett bruk av tvangsarbeid.DeLancey & DeLancey 5. Britane administrerte territoriet sitt frå nabolandet Nigeria. Dei infødde klaga over at dette gjorde dei til ein forsømd «koloni av ein koloni». Det kom mange nigerianske arbeidsvandrarar til sørlege britiske Kamerun. Dette gjorde slutt på tvangsarbeidet, men opprørte dei innfødde folka der.DeLancey & DeLancey 4, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007. NF-mandata blei gjort om til forvaltarskapsområde under SN i 1946, og spørsmålet om sjølvstende blei vekt i Fransk Kamerun. Frankrike forbaud det mest radikale politiske partiet, Union des Populations du Cameroun (UPC), den 13. juli 1955. Dette forårsaka ein langvarig geriljakrig og drapet på partileiaren Ruben Um Nyobé.DeLancey & DeLancey 6, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007. I Britisk Kamerun var spørsmålet om ein skulle gjenforeinast med Fransk Kamerun eller bli del av Nigeria.
høgre|mini|Ahmadou Ahidjo kom til Washington, D.C. i juli 1982. Etter andre verdskrigen auka uroa i den franske delen, og førte etterkvart til at Frankrike og SN gav landet sjølvstende 1. januar 1960 under president Ahmadou Ahidjo. Den 1. oktober 1961 blei landet gjenforeint med det tidlegare britiske sørlege Kamerun etter ei folkeavstemming, og danna Forbundsrepublikken Kamerun. Den tyske kolonien hadde likevel vore større enn det nye landet Kamerun. Delar av han ligg i dagens Nigeria, Tsjad, Sentralafrika og Gabon. Ahidjo utnytta den pågående krigen mot UPC og redsle for etniske konfliktar til å konsentrera makta til presidentposten, og heldt fram med dette òg etter at UPC var blitt slått ned i 1971. Partiet hans, Cameroon National Union (CNU), blei det einaste lovlege partiet i landet frå 1. september 1966, og i 1972 blei det føderale systemet avskaffa til fordel for ein einingsstat som blei styrt frå Yaoundé.DeLancey & DeLancey 19, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007. Ahidjo følgde ein økonomisk politikk med «planlagd liberalisme», der han prioriterte kommersielt jordbruk og oljeutvinning. Regjeringa nytta oljepengar for å skapa ein statleg valutareserve, betala bønder og finansiera større utviklingsprosjekt. Mange initiativ slo feil, ettersom Ahidjo tilsette ukvalifiserte allierte til å driva dei.DeLancey & DeLancey 7, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
Ahidjo gjekk av 4 november 1982 og gav makta til etterfølgjaren sin etter grunnlova, Paul Biya. Abidjo heldt likevel på kontrollen over CNU, og prøvde styra landet frå kulissane fram til Biya og hans allierte fekk han til å gå av. Biya byrja regjeringstida si med å retta seg mot eit meir demokratisk styre, men eit mislykka statskupp førte han meir i retning mot leiingsstilen til føregangaren sin.DeLancey & DeLancey 8, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007. På midten av 1980-talet til slutten av 1990-talet var landet i økonomisk krise som ei følgje av internasjonale økonomiske vilkår, tørke, fallande oljeprisar og mange år med korrupsjon og misskjøtsel. Kamerun vende seg til utanlandsk bistand, skar ned på statlege utgifter og privatiserte industriar. Det blei innført fleirpartisystem i desember 1990. Etterkvart etterspurde engelskspråkleg aktivistgrupper større sjølvstyre, og nokre ville ha fullstendig sjølvstende som Republikken Ambazonia.DeLancey & DeLancey 9, frå Cameroon i Engelsk Wikipedia, henta 1. november 2007.
Landet har i allmennheit vore stabilt, noko som har gjort det mogleg å utvikla jordbruk, vegar, jernbaner og petroleumsindustri. Etter at Kamerun i nyare år er blitt noko meir demokratisk, ligg den politiske makta framleis hjå eit etnisk oligarki.
Folkesetnad
Demografi
Statistikk I 2005 rekna ein med at Kamerun hadde 17 795 000 innbyggjarar.World Population Prospects. På 15 år, til 2020, hadde befolkninga auka med cirka 10 millionar til 27 744 989. Ifølgje opplysingar frå 2020 var befolkninga ung, kring 42,3 % var under 15 år, og 96,9 % var under 65 år. Same året blei fødselstalet anslått til 36,3 fødde per 1 000 innbyggarar, og dødstalet til 8,1 per 1 000 innbyggarar. Kvar kvinne fødde i gjennomsnitt 4,66 barn. Den forventa levealderen var 62,3 år (60,6 år for menn og 64 år for kvinner).
Folkesetnaden i Kamerun er nesten jamt fordelt mellom bybefolkning og landsbybefolkning.West 3. Folketettleiken er høgast i storbyane, i høglanda i vest og på sletta i nordaust.Neba 109–11. Dei største byane er Douala, Yaoundé og Garoua. Adamawahøglandet, søraustlege Benuesenkinga og størsteparten av høglandet i Sør-Kamerun er derimot grisgrendte.Neba 111. Mange folk frå dei overbefolka høglanda i vest og den uutvikla nordre delen flyttar til kystområdet og byane for å få arbeid.Neba 105–6. Det finn også stad mindre flyttingar når folk søkjer arbeid ved sagbruk og plantasjar i sør og aust.Neba 106. Kjønnsfordelinga i landet som heilskap er ganske jamn, men dei fleste utflyttarane er menn, noko som fører til ubalansert kjønnsfordeling i visse område.Neba 103–4.
Medianalderen til befolkninga var 18,5 år i 2020.
Minoritetar høgre|mini|Medlemmer av tikargrupper, som denne familien, lever gjerne i provinsen Nord-Ouest/Northwest.
Minoritetsgrupper i landet er: Kamerunske høglandsfolk 31 %, ekvatorial-bantu 19 %, kirdi 11 %, fulaniar 10 %, nordvest-bantufolk 8 %, aust-nigrittar 7 %, andre afrikanske grupper 13 %, ikkje-afrikanarar mindre enn 1 %.
Ifølgje ulike opplysingar finst det mellom 230 og 282 ulike etniske og språklege grupper i Kamerun.Neba 65, 67.West 13. I store drag blir desse skilde av Adamawahøglandet i ein nordleg og ein sørleg del. Dei nordlege folka er sudanesiske folkegrupper som bur i dei sentrale høglanda og dei nordre låglanda, og fulaniar, som er spreidde over heile nordre Kamerun. Eit lite tal shuwa-arabarar bur nær Tsjadsjøen. Sørlege Kamerun er folkesett av folk som talar bantuspråk og semibantuspråk. Bantutalande grupper bur i kyst- og ekvatorområda, medan talarar av semibantuspråk bur på grasslettene i vest. Kring 5 000 pygmear vandrar rundt i regnskogområda i søraust og ved kysten, eller bur i små busetnader ved vegkantar.Neba 48.
Migrasjon