Austbygde kyrkje er ei langkyrkje frå 1888 som står i Tinn kommune i Telemark. Kyrkja er av tre og bygd i seingotikk/ung-renessanse etter typeteikningar av Jacob Wilhelm Nordan. Ho har 300 sitjeplassar. Kyrkja har aksialt plassert tårn med to kyrkjeklokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi. Dei er frå 1888.

Altartavla er eit verk frå 1909 av Lars Osa med motivet Jesu dåp og er ein kopi etter Adolph Tidemand.

Ein stor del av inventaret elles er frå året kyrkja blei bygd. Det gjeld preikestolen i tre som er skoren av Gudbrand Johnsen og døypefonten som òg er laga av tre. Lysekrona kjem òg inn her.

Blant skattane i Austbygde kyrkje er ein gammal bibel frå 1700-talet og kalk, disk, staup og lysestakar.

Kjelder Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 488, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-75-27022-7

Kategori:Kyrkjer i Tinn Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Tinn Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:1888 i Noreg