CP-symmetri er ein kombinert ladnings- og speglingssymmetri og seier at fysikklovene burde vere dei same viss ein partikkel vart byta ut med antipartikkelen sin (C-symmetri eller ladningssymmetri), og venstre og høgre vart byta om (P-symmetri eller speglingssymmetri)
Eit CP-brot er eit brot på denne symmetrien, som vart oppdaga i 1964 under nedbryting av nøytrale kaon. Denne oppdaginga førte til at James Cronin og Val Fitch fekk nobelprisen i fysikk i 1980.
Symmetribrotet spelar ei viktig rolle i både korleis kosmologien prøver å forklare at materie dominerer over antimaterie i universet, og i studiet av den svake vekselverknaden i partikkelfysikk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «CP violation» frå , den 24. juli 2012.
Kategori:Kvantefeltteori Kategori:Partikkelfysikk Kategori:Symmetri Kategori:Bevaringslover Kategori:Fysikk utover standardmodellen