Camilla Herrem () er ein norsk handballspelar som sidan 2017 seplar på Sola HK. Ho har vunne fem EM-gull, tre VM-gull og to OL-gull med Noreg i åra 2008-24. Herrem er venstrekant-spelar. Perioden 2006-24 deltok ho i 318 landskampar for Noreg og skåra 916 mål.

Aktiv mini|Camilla Herrem i norsk landsdlagsdrakt i 2015

Herrem spela for toppserieklubben Sola HK frå 2001 til desember 2005. Sidan januar 2006 har ho spela på Byåsen, eitt av dei aller beste klubblaga i norsk kvinnehandball i perioden. I 2007 var ho med då Byåsen tapte finalane i den europeiske cupvinnarcupen mot Oltchim Valcea frå Romania, etter 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela ho på lag med Tonje Nøstvold, Gøril Snorroeggen, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Ida Alstad og Kari Aalvik Grimsbø.

Herrem debuterte på det norske landslaget 5. april 2006 mot Sverige og skåra tre mål. Ho var aktuell for meisterskapstroppa til både VM i handball 2007 og til sommar-OL 2008 i Kina, men kom ikkje med i korkje. EM i handball 2008 i Makedonia i desember vart hennar meisterskapsdebut. Herrem skåra eitt mål i finalekampen mellom Noreg og Spania, ein kamp som enda med at Noreg vart europameister etter 34-21-siger. Under VM i handball 2009, der Noreg tok bronsen, vart Herrem teken ut på «allstar»-laget som beste venstreving. Både i 2010 og 2011 var ho med på norske meisterskapstriumfar. I 2010 vart Noreg europameistrar etter finalesiger over Sverige, og året etter vann Noreg VM-finalen i Sao Paulo med 32-24 over Frankrike.

Under OL 2012 i London var Herrem med å vinne OL-gull, då Noreg vann 26-23 over Montenegro i finalen.

mini|Camilla Herrem i 2016 Merittar landslag EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Camilla Herrem» frå , den 27. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Handballforbundet

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Sola