«South Side of the Sky» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1971 på albumet Fragile. Songen er skriven av Jon Anderson og Chris Squire. Rick Wakeman var òg med under komponeringa, men måtte av kontraktsmessige årsaker avstå frå kreditering. Songen er 8 minutt og 2 sekund lang.
Struktur Songen opnar med lyden av storm, før trommene aggressivt kjem inn. Eit tungt gitarriff og ein enkel bassgang gir eit relativt konvensjonelt rock-lydbilete. Etter to vers blir dette avbrote med ein pianosolo i klassisk stil. Pianoet avsluttar soloen med repeterte moduleringar av eit tema, og resten av instrumenta kjem med. Vokal-harmonium nesten svevar på toppen av musikken. Plutseleg vendast det tilbake til opningsriffet og songen blir avslutta med eit vers i denne rocke-stilen før lyden av stormen vender tilbake. Musikken nærast forsvinn inn i stormen.
Med sine drastiske temposkifte og stilskifte er dette eit godt døme på progressiv rock, der element frå ulike sjangrar og lydeffektar blir blanda og skapar ein ny heilskap. Songen er den mest aggressive på eit elles så «snilt» album med hovudvekt på det melodiske.
I plateomslaget på ny-utgjevinga frå 2003 står det at songen handlar om ein mislukka polar-ekspedisjon som endar med døden for deltakarane.Yes. Fragile. Ny-utgjeving frå 2003. Elektra Entertainment. Yes-analytikaren Bill Martin har fundert på om teksten òg kan referere til Vietnamkrigen.
Konsertfremføringar «South Side of the Sky» vart berre framført åtte gongerForgotten Yesterdays i perioden frå utgjevinga i 1971 til 1974. Etter nesten 30 år utan ei einaste konsertframføring av songen, kom han med på spelelista att i 2002, og har vorte spelt jamleg sidan.
Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «South Side of the Sky»: Songs from Tsongas (berre DVD) Live at Montreux 2003 In the Present – Live from Lyon
Medverkande Jon Anderson: vokal Steve Howe: elektrisk gitar Chris Squire: bass Rick Wakeman: Hammondorgel, piano, synthesizer Bill Bruford: trommer, perkusjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «South Side of the Sky» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Chris Squire Kategori:Songar skrivne av Jon Anderson Kategori:Songar produserte av Eddy Offord