«Onward» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1978 på albumet Tormato. Songen er skriven av Chris Squire og er ein av dei få reine balladane til bandet. Songen er 4 minutt og 5 sekund lang.
Struktur Songen er ein melodisk og direkte kjærleikserklæring skrive av bassisten i bandet, Chris Squire, til den dåverande kona si Nikki. Med den pompøse og kjensleladde orkestreringen skilde denne songen saman med instrumentalen «Madrigal» seg sterkt ut frå resten av albumet, som er minimalistisk produsert og har ein meir direkte rockestil. Teksten er særs atypisk for progressiv rock, då han handlar om kjærleik.
Konsertversjonar Songen vart første gongen spelt under konsert under dei tre Keys to Ascension-konsertane i San Luis Obispo i 1996, og vart etter dette ikkje spelt igjen før under In the Present-turneen i 2008.Forgotten Yesterdays Innspelinga av songen på Keys to Ascension inneheld ein ny intro, skriven og spelt av Steve Howe på gitar.
Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Onward»: Keys to Ascension In the Present – Live from Lyon
Alternative versjonar På ny-utgjevinga av albumet Tormato frå 2004 finst ein instrumental orkesterversjon av songen som «skjult bonus-spor».
Medverkande På originalinnspelinga frå 1978 medverkar: Jon Anderson: vokal Steve Howe: elektrisk gitar Chris Squire: bass og vokal Rick Wakeman: polymoog Alan White: vibrafon og crotaler med Andrew Pryce Jackman: orkestrering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Onward (Yes-sang)» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Songar skrivne av Chris Squire