Susann Goksør Bjerkrheim () er ein tidlegare handballspelar frå Oslo. Goksør Bjerkrheim spela 296 landskampar og skåra 844 mål for Noreg i tida 1987-2000, og var landslagskaptein frå 1993 til 2000. I 1999 vart ho verdsmeister med Noreg, då Frankrike i finalen på Lillehammer vart slått 25-24 etter ekstraomgangar. Mellom 1988 og 2000 vann ho i alt åtte medaljar i ulike OL, VM og EM. Goksør Bjerkrheim var midtre rykkrom-spelar («playmaker»).

Ho er sidan 1998 gift med den tidlegare handballspelaren Svein Erik Bjerkrheim.

Aktiv Susann Goksør spela for Bækkelagets Sportsklub i Oslo frå 1985 til 1997. Ho vart cupmeister med klubben i 1994 og 1996/97. Både i 1994 og 1995 spela Bækkelaget seg fram til finalar i europeiske cupturneringar, men tapte fyrst citycupen samanlagt 43-45 mot tyske Buxtehuder. Året etter vart det nytt finaletap, då i EHF-cupen på færre bortemål enn Debrecen for Ungarn.

Susann Goksør debuterte på Noregs landslag 17. juni 1987 mot Aust-Tyskland. Året etter var ho med då Noreg vann OL-sølv under Sommar-OL 1988 i Seoul.

Etter indre strid i Bækkelaget forlet Goksør, og spelarar som Kjersti Grini og Heidi Tjugum, klubben våren 1997. Frå 1997 til ut 2000 spela ho for Nordstrand Idrettsforening, også det eit Oslo-lag. Ho la opp etter dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000. I 2008 gjorde ho eit kortvarig comeback for Nordstrand i eit forsøk på å berge laget frå nedrykk frå toppserien.

Merittar landslag OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea VM 1990: Nr 6 med Noreg OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Susann Goksør Bjerkrheim» frå , den 31. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Norsk biografisk leksikon

Medaljestatistikk, Olympiske leikar for Susann Goksør-Bjerkreim på Databaseolympics.com

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Oslo