mini|Pløying med ein Kullervo på herregarden Pekkala i Ruovesi i Finland. Kullervo var ein finsk traktor, som vart produsert frå 1918 til 1924H. Niskanen, Från Munktells till Valtra, Valtra Inc., 2000.. Han hadde ein firesylindra motor med eit slagvolum på 7,4 liter og ei effekt på 30 hk. Traktoren hadde ein masse på 2200 kg. Motor, girkasse og bakaksel var bolta saman til eit stykke, på same måte som Fordson F, og alle tannhjul gjekk i oljebad, noko som var svært uvanleg på denne tida. Namnet «Kullervo» var henta frå den tragiske skikkelsen Kullervo i det finske nasjonaleposet Kalevala.
Traktoren var konstruert av ingeniøren Gusaf Wrede, som hadde studert i Darmstadt i Tyskland. Produksjonen føregjekk ved Aura jarnindustri (Auran Rautateollisuus). Finland var eit storfyrstedøme under den russiske tsaren i tida mellom 1809 og 1917 og Russland hadde vore ein av dei viktigaste marknadane for jarnverket. Men etter at Finland klarte å riva seg laus frå Russland i samband den russiske revolusjonen vart det slutt på salet i Russland, noko som førte til at ein stor del av den tiltenkte marknaden fall bort og salet av traktoren gjekk ikkje som planlagt.
Referansar
Kategori:Tidlegare traktorprodusentar Kategori:Finsk industrihistorie