Age of Empires II: The Age of Kings (ofte forkorta til AoK, AoE 2, AGE2 eller The Age of Kings) er eit sanntidsstrategispel (RTS) utvikla av Ensemble Studios. Dataspelet vart utgjeve av Microsoft i 1999 for både Microsoft Windows og Macintosh. Spelet er ein del av Age of Empires-serien, og er det andre spelet i denne serien. Eit utvidingsspel, The Conquerors, vart gjeve ut året etter av same utviklar. I tillegg kom det hausten 2012 ut eit utvidingsspel laga av private speleutviklarar: Age of Empires II: Forgotten Empires. Versjonar av spelet for PlayStation 2 og Nintendo DS kom ut i høvesvis 2001 og 2006.

The Age of Kings er eit strategispel som går ut på å byggja opp ein eigen sivilisasjon og deretter å kjempa ned dei andre sivilisasjonane. I spelet vert ein introdusert for tretten sivilisasjonar: Britane, bysantinarane, keltarane, frankarane, mongolane, gotarane, kinesarane, japanarane, persarane, sarasenarane, teutonarane, tyrkarane og vikingane. Spelaren må sikta etter å samla grunnleggande ressursar – mat, ved, gull og stein – som kan brukast på å byggja landsbyar og laga hærar. I spelet er det fem historiebaserte oppdrag og felttog, slik at spelaren må ta høgde for bakgrunnshistorier og andre speleforhold. Ein kan velja mellom tre ulike einspelarmodusar og éin fleirspelarmodus.

Mottakinga av The Age of Kings var svært god, og spelet fekk gode omtalar av mange kritikarar. Dei merkbare forbetringane innan speledelen og dei nye moglegheitene i høve til forgjengaren vart sett pris på. Somme kritikarar var meir kritiske til utsjånaden til bygningane og soldatane – dei var uinteressante og hadde lite særpreg – medan andre syntest at The Age of Kings var overdriven lik forgjengaren Age of Empires. Berre tre månadar etter utgjevinga var det seld over to millionar eksemplar av spelet, og det toppa salslistene i sju land. Spelet vann fleire utmerkingar og har hatt tydeleg påverknad på seinare spel i same sjanger.

Gangen i spelet mini|Illustrasjonen viser kva ein kan sjå under eit parti. Oppe til venstre viser kor mykje ressursar ein har til disposisjon. Nede til høgre er minikartet. 1. Måla for å vinna.2. Statistikk over dei ulike oppgraderingane og soldatane til kvar sivilisasjon.3. Chattefunksjon.4. Oversyn over diplomati.5. Menyknapp.6. Status til ein soldat eller innbyggar.7. Ordrar og kommandoar. Som i forgjengaren speler ein Age of Empires II: The Age of Kings ved å samla ressursar, byggja landsbyar, samla ein hær og øydeleggja soldatane og bygningane til fienden så raskt som mogleg. Spelaren vel éin av 13 sivilisasjonar som alle har sitt eige særpreg. Ved å avansera gjennom fire tidsaldrar – «Dark Age», «Feudal Age», «Castle Age» og «Imperial Age» – kan ein lettare byggja opp ein betre hær, samstundes som det er lettare å samla naudsynte ressursar. Når ein kjem til ein ny alder eller æra, opnar ein for å få nye soldatar, teknologiar, oppgraderingar og bygningar.Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation. , s. 31 Elles må spelaren byggja visse bygningar og betala ein viss sum av ressursane sine – oftast gull og mat – for å utvikla sivilisasjonen sin til ein ny alder. Spelaren styrer kvar og ein av sine arbeidarar, soldatar osb. The Age of Kings skil allierte og motstandarar med åtte ulike fargar: Blått, raudt, gult, grønt, lyseblå, lilla, grå og oransje. Det vil seia at åtte spelarar kan spela om gangen.

Som ei forandring frå tidlegare Age of Empires-spel, kunne ein i The Age of Kings leggja opp ulike spelefunksjonar. Eit standardparti vil visa ein vanleg bane der spelarar startar i Dark Age med eit hovudbygg, kalla «Town center» i The Age of Kings, tre arbeidarar og ein speidar. Spelarane kan vinna partiet på fleire måtar: Ved militær erobring, ved å byggja ein bygning kjent som «Wonder» eller å kontrollera alle relikviane.

Ressursar Sivile einingar, landsbybuarar (kalla «villagers») er dei som vert brukt for å samla ressursar. Dei er anten menn eller kvinner – kjønn speler inga rolle for evnene deira. Ressursane vert deretter brukt til å trena nye einingar eller å konstruera nye bygningar. Ressursar kan òg brukast til å forska på nye teknologiar (oppgradering). Eit døme på ein ny teknologi er betre rustning for bogeskyttarar. Det finst fire ulike ressursar i spelet: Gull, tømmer, mat og stein, som må samlast på ulike måtar. Sistnemnde kan samlast inn ved ei steingruve, medan ved blir samla inn ved å hogga ned tre. Mat og gull, derimot, kan samlast inn på fleire måtar: Mat kan ein få tak i ved slakting husdyr (sau og kalkun), jakting på ville dyr (villsvin og hjort), sanking av ville bær eller hausting av jordsmonn. Fisking kan skje ved kystfiske eller frå fiskebåtar. Gull kan skaffast ved handel, gruvearbeid eller å halda heilage relikviar i kloster. Men landsbybuarane treng diverse samlingspunkt og depot – mølle, gruvelager, tømmerleir – for dei ulike ressursane. Hovudbygget derimot, kan ta imot alle dei ulike ressursane. Kvart folk kan oppgradera kvaliteten på ressurssamlinga si – nokre meir enn andre. I tillegg kan ein reisa eit marknadsbygg der ein kan selja og kjøpa tømmer, stein og mat ved hjelp av gull. Kvar transaksjon vil føra til ein auka tributt. Ved hjelp av marknaden kan spelaren senda handelsvogner (trade carts) til allierte, som automatisk vil simulere gull-lageret. Med ei skipsdokk (kalla dock) kan spelaren laga handelsskip som kan sendast til både allierte hamner og fiendehamner. Sjølve utbyttet vil variere etter distansen: Jo lengre skipsdokkane er ifrå kvarandre, jo større utbytte. Spelaren vel sjølv kvar desse handelsvognene og -skipa skal fara. Likevel treng ikkje spelaren å handla manuelt: Med ein gong ein marknad eller skipsdokk er valt, vil handelseiningane halda fram med å handla med den valde forbundsfellen. Handelsskip kan til og med handla med fienden, men står då i fare for å bli angripne.

Sivilisasjonar I The Age of Kings kan ein velja mellom tretten folkegrupper. Desse er delt inn i fire arkitektoniske stilar: den vesteuropeiske, den sentraleuropeiske, den arabiske og den austasiatiske. I fyrstnemnde kan ein finna keltarane, britane og frankarane. I den sentraleuropeiske stilen er vikingane, gotarane og teutonarane. Tyrkarane, persarane, sarasenarane og bysantinarane utgjer den tredje arkitektoniske stilen, medan japanarane, mongolarane og kinesarane utgjer den orientalske.

Kvar sivilisasjon har varierande styrkar og veikskapar når det gjeld økonomi, teknologi og krigføring. Til dømes kan keltarane ha full oppgradering av gruvearbeidet, medan vikingane kan ha full oppgradering av matproduksjon. Dette gjev sivilisasjonane ulike fordelar og ulemper. Sivilisasjonane har òg ulikt fokus: Somme har styrkar innan kringsetjing, medan andre er sterkast i bogeskyting. I tillegg vil ein sivilisasjon ha sin individuelle lagbonus som er ulik frå ein annan sivilisasjon sin lagbonus.Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 14 Eit eksempel på dette er at britane har billegare bygg. Kvar sivilisasjon har tilgang på si eiga unike eining ('unique unit'), ei militær eining som er sterkt knytt til sivilisasjonen. Japanarane vil til dømes kunne laga samuraiar, medan britane kan trena langbogeskytarar. For å ha større skilnad mellom kulturane, har kvar sivilisasjon ei samling av utsegner på sitt eige språk når dei vert kommanderte til å gjera ei oppgåve. Viking-soldatar seier til dømes «alt i lagi» dersom dei blir gjevne ordre om å marsjera til ein stad. Gotarane nyttar tysk og bysantinarane er ikkje gjevne eit eige originalspråk.

Einingar Kvar spelar har ei bereevne, altså ei populasjonsgrense, på kor mange einingar (soldatar, arbeidarar, skip) spelaren kan ha på banen om gongen. Ein kan bestemma denne grensa før spelet startar – som kan variera frå 75 til 200.Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 28 Ein unngår då at banen vert overfylt av gedigne hærar. Det er difor viktig å finna balansen mellom sivile og militære einingar. Ein har ikkje høve til å nå bereevna med ein gong, fordi denne grensa er bygd på kor mange hus, slott og hovudbygg ein har. The Age of Kings introduserte to nye merkbare funksjonar: Ein knapp som viste kva for nokre arbeidarar som ikkje hadde vorte tildelt ei oppgåve. Den andre funksjonen var «byklokke-knappen» som sender alle arbeidarane til dei næraste hovudbygga, slotta eller tårna. På desse to nye måtane er det lettare å halda styr på populasjonen. Dersom landsybuarar, og spesialt bogeskotarar, er plassert i eit tårn, hovudbygg eller slott vil det auka forsvarsgraden til bygningen; det vil verta skote fleire piler frå han. Hovudbygga vil ikkje kunne skyte piler i det heile, utan minst éin bogeskotar eller arbeidar.

Alle dei militære einingane i spelet kan delast inn i seks kategoriar: Infanteri, kavaleri, bogeskotarar, fregattar og kringsetjingsvåpen. Dei tre fyrstnemnde fylgjer ofte ein stein-saks-papir-modell, fordi infanteri gjer mykje skade på bygningar, men er svake mot kavaleri. Likevel vil nokre fottroppar som spydberarar og hellebardistar ha ekstra åtaksbonus mot ryttarar. Som nemnt vil kvar sivilisasjon ha tilgang på ei spesialeining (unique unit). Denne militære einingen er sterkt knytt til sivilisasjonen og kulturen. Vikingane vil til dømes kunne laga vikingberserkar, medan persarane kan trena opp krigselefantar. Desse kan dessutan oppgraderast til elitesoldatar. Dette er kostbart, og ein elitesoldat vil sjeldan dukka opp før mot slutten av partiet. Den sjette kategorien – altså kringsetjingsvåpen – vert hovudsakleg brukt til å øydeleggja bygningar og murar.

Munken (monl) er òg ei spesialeining – på mange måtar. Han kan både brukast militært og sivilt. Ein munk kan konvertera motstandarsoldatar til spelaren sin eigen sivilisasjon. Men han dug berre til å konvertera éin soldat om gongen, sidan han må «gjenvinna» trua. Han kan i tillegg lækja allierte arbeidarar, kavaleri, fotsoldatar og andre munkar. Ulempen med ein munk er at han går seint og toler lite. Munkar er den einaste eininga, utanom landsbybuar og fiskebåtar, som kan samla ressursar: Ein munk kan ta over ein relikvie (relic) og deretter føra han attende til klosteret. Dette vil automatisk hopa opp gull hjå spelaren. Di fleire relikviar ein har, di raskare går denne akkumuleringa. Å få fatt i alle fem relikviane som finst på banen kan føra til siger i eit standardparti dersom vinnarvilkåra er sett slik. I dette tilfellet har dei andre spelarane 200 «The Age of Kings-år» på å ta relikviane.

Bygningar Bygningane i The Age of Kings kan me dela opp i økonomiske, militære og oppgraderande bygg. Også mange av dei økonomiske eller militære bygningane kan dessutan forska og oppgradera teknologiar som aukar effektiviteten og kvalitetsgraden.Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 48Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 54 Til dømes kan ein oppgradera betre vedhogst med ein tømmerleir.

Éin bygning fell under alle desse kategoriane: Hovudbygget, kalla Town center i Age of Empires II. På alle måtar er dette den viktigaste bygningen. Det er der landsbybuarane vert laga og alle ressursar kan samlast. Mange oppgraderingar kan gjerast i hovudbygget, og det er her den viktigaste oppgraderinga tek plass, nemleg utviklinga til neste alder. Hovudbygget er også eit forsvarsbygg. Bygningen kan skyta piler dersom landsbybuarar eller bogeskotarar held seg inne der. Når hovudbygget er øydelagt og alle landsybuarane er drepne, er sivilisasjonen utan tvil «utrydda».