Ayvainigrotta er ei grotte i Bursa i Tyrkia. Ho ligg søraust for Uluabatsjøen ved distriktsgrensa mellom Mustafakemalpaşa og Nilüfer. Det er to inngangar til grotta, ein ved Doğanalanı, den andre ved Ayvaköy. Ho har namn etter landsbyen Ayvaköy like ved.

Ein kan gå inn i grotta gjennom ein inngang og ut gjennom ein annan. Typisk går ein inn ved den øvre inngangen i Doğanalanı og gå nedover ein høgdeforskjell på 17 meter. Elles er grotta horisontal. Ho er 5,5 km lang, noko som gjer henne til den sjette lengste i Tyrkua. Berget i grotta stammar frå mesozoikum, og ho inneheld dryppesteinsformasjonar som stalagmittar, stalaktittar, pillarar og ulikt mønstra steinar, i tillegg til rundt 60 dammar av ulike storleikar. Ved utgangen finst det eit 400 meter langt vatn. Vassnivået i dei ulike vatna endrar seg med sesongen.

Ayvainigrotta blei oppdaga av tre spanske utforskarar i 1970. Ho opna for publikum i 2008.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ayvaini Cave» frå , den 5. august 2012/14. november 2020. oppgav desse kjeldene: http://www.kultur.gov.tr/EN/Yonlendir.aspx?17A16AE30572D313A781CAA92714FCE03CD6B183F18B653E http://www.turkeyodyssey.com/articles/caves-of-turkey.html http://gototurkey.turkeytourism.com/bursa.html http://www.ayvayoungs.tr.gg

Kategori:Grotter i Tyrkia Kategori:Provinsen Bursa