Aleksej Sergejevitsj Spiridonov () var ein sovjetisk friidrettsutøvar som i hovudsak tevla i sleggekast. Han vart europameister i øvinga i Roma i 1974 og fekk sølvmedaljen under sommar-OL 1976 i Montreal. Spiridonov var fødd i Leningrad, og døydde i same byen, som då heitte St. Peterbsurg.
Aktiv Spiridonov vart i 1974 europameister i sleggekast. Med eit bestekast på 74,20 m slo han Jochen Sachse frå DDR med 20 centimeter, sistnemnde sin landsmann, Reinhard Theimer fekk bronsen med 71,62 m. Fire dagar etter han vart europameister, forbetra Spiridonov verdsrekorden til Theimer med seks cm til 76,66 m. Året etter vann han i Roma unversiaden.
Under sommar-olympiaden i Montreal i 1976 kom Spiridonov på sølvplassen i sleggetevlinga. Med eit kast på 76,08 m plasserte han seg mellom landsmennene Jurij Sedykh (77,64 m) og Anatolij Bondartsjuk (75,48), slik at alle medaljane i øvinga gjekk til Sovjetunionen. Han kom ikkje med til EM i friidrett 1978, trass i at han vart nummer tre i den sovjetiske meisterskapen.
Bakgrunnsstoff World Athletics sports-reference
Kjelder
Friidrott-75, Helsingborg 1976 Denne artikkelen bygger på «Alexei Sergejewitsch Spiridonow» frå , den 5. august 2012.
Kategori:Russiske sleggekastarar Kategori:Sovjetiske sleggekastarar Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976