Szymon Jerzy Ziółkowski () er ein polsk sleggjekastar frå Poznań. Han vart olympiameister i sleggekast i 2000 og verdsmeister i 2001.

Aktiv Ziółkowski deltok i sitt fyrste sommar-OL i 1996 i Atlanta, der han kom på tiandeplass, medan han under OL 2000 i Sydney noko overraskande tok gullmedaljen i sleggekast.

Under VM 2001 sette han meisterskapsrekord med 83,38 m og vart verdsmeister. Etter eit par mislykka meisterskap, EM 2002 og OL 2004, kom han sterkt tilbake under VM 2005 i Helsingfors, der han kapra bronsemedaljen.

Etter nokre medaljelause meisterskap, kasta Ziółkowski nest lengst i sleggetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin og vann sølvmedaljen. Tre år seinare tok han bronsemedaljen under europameisterskapen, og vart nummer sju under sommar-OL i London.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa OL 1996 i Atlanta: Nr 10 – 76,64 m EM 1998 i Budapest: Nr 5 – 78,16 m VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 80,02 m, framom Nicola Vizzioni (79,64 m) VM i 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 83,38 m, framom Koji Murofushi (82,92 m) EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa OL 2004 i Athen: Utslått i kvalifiseringa VM i 2005 i Helsingfors: Bronsemedalje – 79,35 m EM 2006 i Göteborg: Nr 5 – 78,97 m VM 2007 i Osaka: Nr 7 – 80,09 m OL 2008 i Beijing: Nr 7 – 79,22 m VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 79,30 m, bakom Primož Kozmus (80,84 m) EM i 2010 i Barcelona: Nr 5 – 77,99 m VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 77,64 m EM i 2012 i Helsingfors: Bronsemedalje – 76,67 m OL 2012 i London: Nr 7 – 77,10 m VM 2013 i Moskva: Nr 9 – 76,84 m EM 2014 i Zürich: Nr 5 – 78,41 m

Bakgrunnsstoff Szymon Ziółkowski på World Athletics

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Szymon Ziółkowski» frå , den 6. august 2012.

Kategori:Polske sleggekastarar Kategori:Verdsmeistrar i sleggekast Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Olympiske meistrar i sleggekast Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1995 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1998 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012