Michael Frater () er ein jamaicansk sprintar og olympisk meister. Frater spesialiserer seg på 100 m og 4 x 100 m stafett.
Under VM i friidrett 2011 i Daegu var Frater med på å setja ny verdsrekord på 4 x 100 meter saman med Nesta Carter, Yohan Blake og Usain Bolt. Rekorden kom på 37,04 og er framleis gjeldande verdsrekord.
Karriere
Michael Frater har vunne medalje på mange internasjonale tevlingar, m.a. Carifta Games, dei panamerikanske leikane, Samveldeleikane, VM i friidrett 2005 i Helsingfors og VM i friidrett 2009 i Berlin.
Han deltok under sommar-OL 2004 i Aten, men nådde ikkje opp til finalen, korkje på 100 meter eller stafett. Under sommar-OL 2008 i Beijing kom han til sprintfinalen på 100 meter, der han tok sjetteplassen med ein personleg rekord på 9,97. Det jamaicanske stafettlaget tok gull og sette olympisk rekord under desse leikane med Frater på andre distansen. Tida deira kom på 37,10.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michael Frater» frå , den 9. august 2012.
World Athletics Rekordane i friidrett for menn hjå iaaf.org
Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Olympiske meistrar for Jamaica Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Manchester Parish