Pierre Quinon () var ein fransk friidrettsutøvar frå Lyon som tevla i stavhopp. Han vart olympisk meister i øvinga i 1984. Quinons personlege rekord var på 5,90 m og oppnådd i 1985, ti centimeter under den dåverande verdsrekorden.

Aktiv Quinon sette ny verdsrekord i stavsprang 28. august 1983 i Köln, då han gjekk over 5,82 meter, ein centimeter høgre enn Vladimir Poljakov sin rekord. Hans tid som verdsrekordhaldar varte i berre fire dagar. Landsmannen Thierry Vigneron forbetra rekorden med eit hopp på 5,83 meter i Roma den 1. september

Quinon vart olympisk gullmedaljør i stavsprang under OL 1984 i Los Angeles. Han svinga seg over 5,75 m, ti centimeter høgre enn Mike Tully frå USA, som kom på andre plass. Earl Bell frå USA og Thierry Vigneron delte tredjeplassen med 5,60 m. Dette var einaste gongen Quinon hevda seg i dei store internasjonale meisterskapane.

Han la opp som som stavhoppar i 1993, og dreiv sidan i restaurantnæringa i Sør-Frankrike.

Quinon tok sitt eige liv i Hyères den 17. august 2011, 49 år gammal. Suicide du champion olympique 1984 de la perche, Pierre Quinon

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje - 5,75 m, framom Mike Tully (5,65 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pierre Quinon» frå , den 13. august 2012.

World Athletics

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Biografi - Det franske friidrettsforbundet.

Kategori:Franske stavhopparar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Folk frå Lyon