Louise-Élisabeth Vigée Le Brun () var ein fransk målar frå Paris. Ho måla i hovudsak portrett, og er særleg kjend for portrett av europeiske adelsfolk og kongelege. Stilmessig høyrer verka hennar til tida etter rokokko med element frå nyklassisismen.
Vigée Le Brun laga tiltrekkande og idealiserte portrett, og blei kjend som hoffmålar for dronning Marie Antoinette. Ho måla seinare portrett av europeiske adelsfolk, skodespelarar og forfattarar, og blei vald inn i kunstakademi i ti byar.
Under den franske revolusjonen i 1789 rømde Le Brun frå Frankrike. Ho arbeidde deretter i Russland, Italia og Storbritannia. Etter at Napoleon hadde kome til makta i Frankrike, vende ho tilbake til heimlandet.
Vigée Le Brun laga 660 portrettmåleri og 200 landskapsmåleri. Desse finst i private samlingar i Europa og USA, men også i store museum som Eremitasjen i St. Petersburg, National Gallery i London, Metropolitan Museum of Art i New York og National Gallery of Art i Washington, D.C.
Biografi Barndom og ungdom mini|portrett|venstre|Portrait au pastel d'une jeune fille (1771), pastellbilde som skal vera eit sjølvportrett av Élisabeth Vigée Le Brun.
Louise-Élisabeth var dotter av målaren Louis Vigée (1715–1767) og frisøren Jeanne Maissin (1728–1800). Foreldra gifta seg i 1750, og ho blei fødd i 1755. Ho blei Rue Coquilliere i Paris, og døypt i St. Eustache kyrkje med namnet Marie Élisabeth-Louise Vigée. Ein yngre bror, Étienne Vigée, som seinare blei dramatikar, blei fødd to år seinare.
Då ho var tre månader gammal blei ho sendt til ei amme på landet i Épernon i nærleiken av Chartres, der ho budde til ho var fem. På denne tida var det vanleg for det franske borgarskapet å ikkje oppseda småbarna sine sjølve. Tilbake i Paris blei ho i 1760 sendt til klosterskulen i Couvent de la Trinité i Rue de Charonne. Der vekte ho snart merksemd med teikningane sine, som ho framstilte over alt, i skulehefte og på skuleveggane. Også faren var begeistra for teikningane hennar, og såg for seg ei framtid for henne som profesjonell målar. I 1767 forlet ho skulen for å endeleg bu med foreldra. Her fekk ho den første eigentlege teikneundervisinga av faren.
Far hennar døydde uventa i mai 1767 av blodforgifting etter å ha svelt eit fiskebein. Tolv år gamle Élisabeth var lenge i djup sorg, og bestemte seg så å via seg til kunsten. Ho fordjupa seg i teiknekunst, og fekk først undervising av Gabriel Briard, medlem av Académie royale de peinture et de sculpture, og seinare av Joseph Vernet. Same året gifta mor hennar seg opp att med ein rik gullsmed, Jacques-François Le Sèvre. Tilhøvet mellom Élisabeth og stefaren skal ha vore vanskeleg. Familien flytta til Rue Saint-Honoré like ved Palais Royal. Under besøk i private samlingar kopierte Vigée bilde av gamle meistrar. Det blei seinare sagt om henne at ho som ung var ei av dei vakraste kvinnene i Paris.
Allereie som tenåring verka Élisabeth profesjonelt som portrettmålar. Som femtenåring kunne ho leva av inntekta frå portretta sine. Ho tok arbeidet sitt svært seriøst, og avviste jamleg bestillingar som berre hadde som føremål å oppnå eit møte med henne. Då atelieret hennar blei stengt i 1774 grunna manglande løyve, vende ho seg til Académie de Saint-Luc, som stilte ut verka hennar i salongen sin. I 1774 blei ho medlem av akademiet.
Etter at stefaren pensjonerte seg, leigde familien ein bustad i Hôtel Le Brun i Rue de Cléry, som tilhøyrde målaren og kunsthandlaren Jean-Baptiste-Pierre Le Brun. Ho vitja galleriet hans fleire gonger med stor interesse.. Han blei agenten hennar, og spurde etterkvart også om handa hennar. Kunsthandlaren hadde allereie vore gift før, og hadde eit dårleg rykte. Élisabeth trassa råda ho fekk om å ikkje gifta seg med han, og dei hadde ein diskret vigsel i Saint-Eustache den 11. januar 1776..
Tilknyting til kongehuset
mini|portrett|Sjølvportrett frå 1782 Élisabeth Vigée Le Brun byrja å stilla ut verka sine i familieheimen i Paris, Hôtel de Lubert. Salongane ho heldt her gav henne mange nye og viktige kontaktar. Ektemannen hennar var ein slektning av Charles Le Brun, den fyrste leiaren av Det franske akademiet under Ludvig XIV.
Verksemda hennar bløma, og ho måla talrike medlemmer av adelen. Allerieie i 1776 fekk ho eit oppdrag frå hoffet av hertugen av Provence, som var bror til kongen. I 1778 blei ho beden til Slottet i Versailles for å måla eit portrett av dronning Marie Antoinette. Dronninga var så begeistra for resultatet at Vigée Le Brun fekk bestillingar på fleire portrett av kongefamilien. Ho måla over 30 portrett av dronninga og familien hennar.
mini|portrett|venstre|Sjølvportrett med stråhatt
12. februar 1780 fødde ho det einaste barnet sitt som voks opp, dottera Jeanne Lucie Louise, som ho kalla Julie og gav kallenamnet «Brunette». Ho skal ha fortsett å måla under dei fyrste riene, og knapt sloppe målarkosten under fødselen.Françoise Pitt-Rivers, Madame Vigée Le Brun, s. 56: Elle était en train de peindre dans son atelier, disent ses Souvenirs, quand les premières douleurs sont arrivées et elle ne s'est interrompue que pour mettre au monde sa fille. Dottera blei motivet for ei rekkje portrett. I eit seinare svangerskap fekk ho eit barn som døydde tidleg.
Frå mai til juni i 1781 reiste Vigée Le Brun saman med mannen gjennom Flandern og Nederland for å kjøpa verk frå samlinga til den tidlegare guvernøren Charles-Alexandre de Lorraine. Verka til dei flamske meistrane inspirerte henne til å gjera forsøk med nye måleteknikkar. 'Sjølvportrett med stråhatt' (1782) er ei «fri imitering» av Peter Paul Rubens sitt La Chapeau de Paille. Ein kan også sjå flamsk påverknad i Le Comte d'Espagnac (1786) og Madame Perregaux (1789). I tillegg til dette måla ho portrett av lokale adelige, mellom anna av medlemmer av Huset Oranien-Nassau.
31. mai 1783 blei Vigée Le Brun medlem av Académie royale de peinture et de sculpture med eit verk i sjangeren historisk allegori. Same dagen blei også ein annan kvinneleg målar, Adélaïde Labille-Guiard (1749–1803), tatt opp som medlem. Dei mannlege ansvarlege ved Akademiet var ganske klart motstandarar av at Vigée-Lebrun skulle takast opp, både på grunn av kjønnet hennar og fordi mannen var kjøpmann. Dei blei til slutt tvinga til det gjennom ei befaling frå kong Ludvig XVI, som handla på oppfordring frå kona si. Som resepsjonsverk presenterte ho La Paix ramenant l’Abondance frå 1783 for å kunna bli motteken i kategorien historiemålar. Verket var skandaløst ettersom det viste eit nakent bryst på ei tid då skikken sa at nakne kroppar berre kunne målast av menn.Elisabeth Vigée Le Brun, femme rebelle brossée en 5 tableaux sur le site de France Info. Ho blei til slutt teken med i akademiet utan ein særskild kategori.
mini|portrett|Sjølvportrett med dottera Julie, 1786
I september stilte ho for første gong ut verk i ein av dei parisiske salongane til akademiet, eit portrett av Marie-Antoinette kalla «à la Rose». Også dette verket var omstridd fordi dronninga var avbilda i ein lett musselinkjole, noko mange meinte var for intimt. Vigée Le Brun måtte erstatta portrettet med eit av dronninga i ein meir konvensjonell drakt. Prisane på måleria hennar steig likevel kraftig etter dette. Ho måla til dømes eit portrett av finansministeren Charles Alexandre de Calonne som betalte franc.
Sommaren 1785 stilte ho ut ei rekkje måleri ved Académie Royale, som i det store og heile fekk ei positiv mottaking. Også seinare utstillingar blei mottatt med begeistring. I 1788 organiserte ho ein souper grec, ei overdådig selskapsform frå denne perioden, som skapte overskrifter.
I 1787 forårsaka Vigée Le Brun ein mindre offentleg skandale då ho stilte ut Sjølvportrett med dottera Julie (1786) ved Salongen i 1787. Her avbilda ho seg sjølv smilande med open munn, stikk i strid med konvensjonane innan portrettkunst som gjekk tilbake til antikken. Sladrebladet Mémoires secrets meinte at både «kunstnarar, kunstelskarar og personar med smak» var sameinte i å fordømma denne framstillinga.
Galleri
Revolusjon og eksil mini|portrett|Sjølvportrett med dottera frå 1789
Misunning og intrigar i samband med stillinga som ein av yndlingsmålarane ved hoffet, førte med tida til fleire og fleire ryktedanningar og angrep på henne. Ho skulle ha forhold til greven av Vaudreuil eller målaren François-Guillaume Ménageot. Pressa omtalte også eit påstått forhold til finansminister Calonne. I revolusjonsåret 1789 blei omdømet hennar for alvor øydelagt ved offentleggjeringa av fritt oppdikta brev som skulle vera frå henne til ministeren. Sansculottane kom til herskapshuset hennar, ransaka det og prøvde å setta fyr på kjellaren. Vigée-Le Brun måtte søka tilflukt hjå familien til arkitekten Alexandre-Théodore Brongniart.
Etter den franske revolusjonen flykta Vigée-Le Brun med dotter si og guvernanta hennar natta til den 6. oktober 1789 med Italia som mål.. Ho let etter seg ektemannen, som oppmuntra henne til å flytta, måleria sine og ein formue på rundt ein million franc. Sjølv hadde ho, ifølgje memoara sine, berre med seg rundt 20 franc. Ho sa tidlegare om Ancien Régime at 'Kvinnene herska då, revolusjonen avsette dei'.Élisabeth Vigée Le Brun, Mémoires d'une portraitiste, 1855, réédité aux Éditions Scala en 1999 Som følgje av revolusjonen Vigée Le Brun sitt medlemskap i det franske målarakademiet ettersom kvinner ikkje lenger hadde adgang.
Ho hadde planlagt å venda tilbake til Frankrike så snart ein hadde gjenoppretta alminneleg ro og orden der. Under reisa stoppa dei i Lyon, Torino, Parma (der ho blei medlem av akademiet) og Firenze, før dei kom til Roma i slutten av november. Ho var dei neste åra i Roma, Venezia og Napoli. I 1790 blei ho teken imot i Uffiziane, der ho fekk stor suksess med eit sjølvportrett. Verka hennar vekte så stor beundring at ho ved byrjinga av april 1790 blei tatt opp i Accademia di San Luca. Ho sende også verk til Parissalongen.
I Italia heldt Vigée-Le Brun seg framleis til dei aristokratiske krinsane. Ho møtte att Ménageot og Vivant Denon, den fyrste leiaren for Louvre, Talleyrand og lady Emma Hamilton. Ho laga fleire allegoriske måleri av Emma Hamilton som Ariadne (1790) og som ei bakkantinne (1792), og ho stod modell for Sibyl (1792), som var inspirert av Domenichino sine sibyller.
14. april 1792 forlet ho Roma for å dra heim til Paris. Under tilbakereisa la ho inn opphald i Spoleto, Foligno, Firenze, Siena, Parma, Mantova, Venezia, Verona og Torino. Undervegs fekk ho vita at ho var blitt oppført på lista over utvandrarar, noko som innebar at ho hadde mista dei franske borgarrettane sine og at eigedommane hennar var blitt beslaglagde. Mannen hennar sine forsøk på å få henne fjerna frå lista førte ikkje fram. Då ho innsåg at situasjonen ville vera for usikker for henne som rojalist i Frankrike, bestemte ho seg for å bli verande i Italia.
mini|portrett|Eudocia Ivanovna Galitzine som Flora (1799)
I Milano overbeviste ho utsendingen frå Austerrike om at ho ville vera ein etterspurd portrettmålar i Wien. Etter at ho kom fram til Wien leigde ho ein bustad i utkanten av byen.
I mellomtida prøvde Jean-Baptiste Pierre Lebrun å verna om eigedommane deira og få tilbake rettane til kona i Paris. Han selde heile verksemda si i 1791 for å ikkje gå fallitt, ettersom kunstmarknaden braut saman i samband med revolusjonen.Darius Spieth, Jean Baptiste Pierre Le Brun, marchand d'art et promoteur du Louvre sur amisdulouvre.fr. Han brukte banda sine til Jacques-Louis David til å be om at namnet til kona skulle takast av emigrantlista, utan å lukkast. Han gav òg ut stridsskriftet Précis historique de la vie de la Citoyenne Le Brun til forsvar for kona si. Forsøket blei ignorert, og i november blei han fengsla ei kort tid. Ein månad seinare blei også broren til Élisabeth, dramatikaren Etienne Vigée (1758–1820), fengsla og sat eit halvt år i fangenskap. I 1794 søkte Jean-Baptiste-Pierre om skilsmisse for å verna om eigedommen deira.