Bergblomslekta (Bergenia) er ei planteslekt med om lag 10 artar i sildrefamilien. Ho er utbreidd i temperte område Sentral- og Aust-Asia. Det er evigrøne stauder med kraftige jordstenglar og store, grunnstilte, læraktige blad. Blomstrane er på på bladlause stenglar. Nokre arten blir nytta som hageplantar..

Artane er fleirårige med store blomsterstandar. Dei har ein krypande jordstokk som er stor og tjukk. Blada er alle basale, ofte meir eller mindre vintergrøne, enkle, voksa og ofte lêraktige. Blomatrane er store med fem begerblad. Dei har fem kronblad som kan vere kvite til rosa, raude eller purpur. Frukta er ein kapsel men mange små, brune frø. Artane blir formert gjennom deling av røtene eller ved frø.

Artar mini|Frukta til Bergenia cordifolia. Bergenia ciliata, med kultivaren Bergenia ciliata 'Superba' Bergenia cordifolia - Hjartebergblom- er den mest brukte hageplanta, spesielt kultivaren Bergenia cordifolia 'Purpurea.' Andre kultivarar er Bergenia cordifolia 'Winterglut' og Bergenia cordifolia 'Senior.' Bergenia crassifolia er om lag 30 cm høg. Blada er skjei-forma. Ein kultivar er Bergenia crassifolia 'Autumn Red.' Bergenia emeiensis Bergenia ligulata Bergenia pacumbis Bergenia purpurascens er 30-40 cm høg og har karmine-raude blomstrar. Blada er er ovalforma. Bergenia purpurascens var. delavayi er ca. 50 cm høg med små blad og rosaraude blomstrar. Bergenia scopulosa Bergenia stracheyi med kultivarane Bergenia stracheyi 'Alba' og Bergenia stracheyi 'Afghanica' Bergenia tianquanensis

Kjelder

Flora of China - Bergenia Flora of Pakistan - Bergenia Guide to Growing Bergenia plants

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sildrefamilien Kategori:Planteslekter