Michel Jules Alfred Bréal () var ein fransk filolog. Han er ofte identifisert som ein av grunnleggjarane av den moderne semantikken.
Liv og karriere Bréal var fødd i Landau.Etter å ha studert i Weissenburg, Metz og Paris, gjekk han inn i École Normale Supérieure i 1852. I 1857 reiste han til Berlin, der han studerte sanskrit under Franz Bopp og Weber. Då han returnerte til Frankrike fekk han ei avtale i avdelinga for orientalske manuskript på Bibliothèque Impériale. I 1864 vart han professor i samanliknande grammatikk ved Collège de France, i 1875 vart han medlem av Académie des Inscriptions et Belles-lettres og i 1879 vart han inspektørgeneral for høgare utdanning inntil avskaffinga av kontoret i 1888. I 1890 vart han kommandør av Æreslegionen. Han døydde i Paris.
Sommar-OL 1896 Bréal fann opp maratonlaupet som vart arrangert for fyrste gong under Dei 1. olympiske sommarleikane i 1896. Han var inspirert av soga om sendebodet Fidippies, som hadde springe frå byen Marathónas til Aten for å fortelja om atenarane som hadde vunne i Slaget ved Marathónas.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michel Bréal» frå og «Spyrídon Loúis» den 23. august 2012.
Kategori:Folk frå Landau Kategori:Franske filologar